Hopp til innhold

– Upraktisk med fylkesmann i Sogn

Nestleiaren i Hordaland Høgre slaktar Sogn og Fjordane sitt krav om å behalda fylkesmannsembetet i ny storregion. Kunnskapslaust, svarar Leikanger-ordførar.

Tom Georg Indrevik

NEI TIL SOGN: – Det er viktig med ambisjonar, og det har dei alltid hatt på Leikanger, seier Tom Georg Indrevik, nestleiar i Hordaland Høgre.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Ein ny vestlandsregion skal gjera offentleg sektor meir effektiv. Blir fylkesmannsembetet spreidd ut – utifrå distriktspolitiske omsyn – mister me noko av effekten. Det tykkjer eg er uheldig, seier Tom Georg Indrevik, nestleiar i Hordaland Høgre og varaordførar i Fjell kommune.

I dei pågåande forhandlingane mellom Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar om ein ny vestlandsregion krev veslebror i nord å tryggja sine 135 fylkesmannsarbeidsplassar, og i tillegg behalda leiinga i Leikanger.

– Befolkningstette område brukar meir av tida til Fylkesmannen. Å bruka mykje tid på å reisa til møte og samlingar i Sogn vil bli utfordrande, seier Indrevik.

– På grensa til idiotisk

– Kunnskapslaust og på grensa til idiotisk, svarar ordførar Jon Håkon Odd i Leikanger, vertskommune for dagens fylkesmannsembete i Sogn og Fjordane.

Jon Håkon Odd

KREV VEKST I HEILE REGIONEN: – Siktemålet med regionreforma er jo ikkje å – i staden for å sentralisera til Oslo – sentralisera til Bergen, seier Leikanger-ordførar Jon Håkon Odd, som er redd for å mista over 100 fylkesmannsarbeidsplassar.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Bakgrunnen for striden er at dagens 17 fylkesmenn kan bli langt færre i framtida, og allereie neste vår skal Regjeringa vedta eit nytt fylkesmannskart.

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane ønskjer ikkje å kommentera utspelet frå Høgre-nestleiaren i Hordaland, fordi ho leier Sogn og Fjordane sin delegasjon i regionforhandlingane, der nettopp fylkesmannsembetet er tema.

Men for tre veker sidan sa Følling at ein ny region må ha ei rettferdig fordeling av regionale statlege arbeidsplassar:

– Desse arbeidsplassane betyr meir for oss enn viss du legg dei til ein by, som Bergen, fordi det er motorar som meir eller mindre går av seg sjølv.

– Viss målet er ein meir effektiv offentleg sektor, bør ein samla tenestene meir sentralt, repliserer Indrevik.

Fylkesordførarane Jenny Følling, Anne Gine Hestetun og Solveig Egge Tengesdal

FORHANDLAR OM NY VESTLANDSREGION: Fylkesordførarane Jenny Følling (Sogn og Fjordane), Anne Gine Hestetun (Hordaland) og Solveig Egge Tengesdal (Rogaland)

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Trøndelags-modellen

Odd meiner Høgre-nestleiaren tek feil og hevdar det største suksessane med å effektivisera offentleg sektor har skjedd i distrikta, og ikkje i byane:

– Eit godt døme er Brønnøysundregistra/Altinn som har effektivisert næringslivet frå Brønnøysund i Nordland. Det same ser me innan digitalisering av offentleg sektor frå Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) i Leikanger.

Både Odd og fylkesordførar Følling ønskjer den såkalla «Trøndelags-modellen»: Der skal fylkesmennene i Nord- og Sør-Trøndelag slåast saman, men det skal vera avdelingar både i Steinkjer og Trondheim. Hovudsetet og embetsleiinga skal derimot liggja i hjå veslebror i nord.

Men å samanlikna Steinkjer med 21.000 innbyggjarar og Leikanger med 2.200 har Indrevik lite sans for:

– Både reisetid og storleiken på dei to plassane er vesentleg ulike.

– Indrevik kan ikkje ha sett seg inn i fakta. Då ville han ha sett at arbeidsplassane i Leikanger er ein viktig motor for heile sogneregionen, der 830 personar kvar dag pendlar inn til Leikanger frå nabokommunane. Omlandet som me sørvar, har 28.000 innbyggjarar, seier Odd.