Hopp til innhold

– Ungdommen et for lite fisk

FØRDE (NRK): Eit tiltak er sett i gang for å få elevar i vidaregåande skule til å ete meir fisk. Fisk har generelt ei svekka rolle i ungdommen sitt kosthald.

Video av fiskedag på Mo og Øyrane

LUNSJ: Elevane ved Mo og Øyrane fekk fisk i lunsjen.

– Nordmenn et mykje fisk, men det er dessverre slik at ungdommen et alt for lite, seier Jostein Hillersøy.

Han arbeider som fiskar i Sogn og Fjordane, og tykkjer det er synd at fisk ikkje står meir sentralt i ungdommens kosthald.

Eg er så lei av å sjå ungdom som alltid et skulebollar og har ei colaflaske på baklomma, når eit godt fiskemåltid både smakar betre og er betre for helsa deira, seier Hillersøy.

Jostein Hillersøy

VIL INSPIRERE: Jostein Hillersøy vil inspirere ungdommen til å spise meir fisk.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Tek grep

I samarbeid med Hillersøy har elevane ved Mo og Øyrane vidaregåande skule starta eit prosjekt der dei skal gjere fisk meir tilgjengeleg for medelevane.

– Eg ser at ungdommen ofte likar fisk, men at dei ikkje lagar det til middag fordi dei tykkjer det blir for avansert, seier Hillersøy.

Ved å servere fleire ulike fiskerettar i skulens kantine, håper dei å kunne inspirere elevar til å lage meir fisk til middag.

Malene Eldevik er ein av elevane som er med på prosjektet, og ho har spesialisert seg på fisketaco.

Malene Eldevik

LOKKAR MED FISKETACO: Malene Eldevik lokkar medelevane med fisketaco

Foto: Martin Torstveit / NRK

Eg har servert fisketaco ein gong før, og da var det veldig populært, seier Eldevik.

I tillegg til å smake godt, er fisketacoen enkel å lage. Ein berre gjer i stand tacoen slik ein pleier, men byter ut kjøt med fisk.

– Eg brukar sei i min fisketaco, som eg eltar i maismjøl og tacokrydder før eg steiker den. Som tilbehøyr brukar eg tacoskjell, salat og tomat, seier Eldevik.

Enkelt og godt

I kantina sit Malene Sveum og Iselin Gjøringbø. Dei er elevar ved skulen og er klare for å ete lunsj.

– Eg eter ganske mykje fisk, men det hadde nok blitt mindre om eg hadde budd for meg sjølv og ikkje fekk det servert til middag, seier Sveum.

Det tek så lang tid å lage mat med fisk, legg Gjøringbø til.

Dei får smake på fisketacoen til Eldevik. Begge to var nøgd med smaken, og einige om at dette var ein god og enkel bruk av fisk til matlaging.

– Dette er absolutt noko eg kunne tenke meg å lage når eg kjem heim i dag, seier Sveum.

Iselin Gjøringbø og Malene Sveum

NØGDE: Iselin Gjøringbø (t.v) og Malene Sveum (t.h) tykte godt om fisketacoen.

Foto: Martin Torstveit / NRK