Hopp til innhold

Ungdom legg ut fyll, sex og vald i sosiale medium: – Må vere forferdeleg nedbrytande

Guten bøyer seg over toalettet og spyr, kameraten filmar. Så går vegen vidare til neste fest. Bak lukka profilar på Instagram legg russ ut videoar av seksuell og utagerande oppførsel. Rektor meiner ungdom blir påverka av TV-seriar.

Nina Bygstad rektor Hafstad vgs

BEKYMRA: Nina Bygstad er rektor ved Hafstad vidaregåande skule.

Foto: Ole Johannes Øvretveit / FIRDA

Instagram-videoen rullar i gang som ein kva som helst minnevideo av ein venegjeng på utanlandstur: Glad ungdom, sol og fest. Men så kjem eit nærbilete av ein mannleg russ med blåveis og blod rennande nedover ansiktet.

– Skal eg knulle ræva di, seier ein annan russ til ein ung lokal gut på gata, som ikkje ser ut til å forstå kva som blir sagt.

I neste klipp hoppar ein gut med hovudet fyrst inn i ein boksemaskin. Blåveisar, fyll og seksualiserte handlingar går igjen i heile videoen.

– Blir påverka av TV-seriar

Rektor ved Hafstad vidaregåande skule, Nina Bygstad, bekreftar at dei har hatt møte med russen om videoane. Ho har ikkje ønskt å sjå dei.

– Det må vere forferdeleg nedbrytande for den enkelte ungdom som i festleg lag med alkohol blir påverka gjennom gruppepress òg strekker grenser og gjere ting dei mest truleg vil angre på i ettertid, seier ho.

Bygstad trur TV-seriar som pressar grensene for kva som er greitt å kringkaste må ta si skuld i denne trenden.

– Eg ser ein samanheng mellom program der alkoholkonsumet er stort og folk har sex for open scene. Eg oppfattar dette som søppel-TV, og stiller spørsmål ved at vaksenverda lager òg tillèt å sende dette som underhaldning. Det påverkar ungdommen til å tenke at dette er normalen.

NRK veit at alle gutane i videoklippa er russ ved Hafstad vidaregåande skule i Førde. Videoen er publisert på russegjengen sin Instagram-profil med over 1800 følgjarar, og ligg framleis ute.

Heil normalt

To av russegutane i gjengen seier videoane er meint for annan russ, og at dette er heilt normalt blant ungdom. Dei vil begge vere anonyme.

– Ein ser den same tendensen blant nesten all russ. Det er for å vise dei ulike russegruppene og oppdatere dei følgjarane vi har, seier ein av dei.

– Det er mange som legg ut mykje verre videoar enn oss, seier den andre.

– Har de grenser for kva som er greitt å leggje ut?

– Ja, men vi har ikkje gjort noko som er så gale at det ikkje bør leggast ut.

Gutane seier skulen har snakka generelt om kva ein bør publisere og ikkje publisere i sosiale medium, men at dei ikkje har snakka spesifikt om deira video.

– Dei ville gjere oss bevisste på at det ikkje er så lurt å eksponere oss på denne måten, men det er jo ikkje slik at framtidig arbeidsgjevar kan søke opp denne videoen. Det er ikkje slik det fungerer, vi hadde jo ikkje lagt den ut då, seier dei.

Tøyar grensene

– Det kan gje veldig store konsekvensar for sjølvbildet resten av livet. Foreldre, skule og politi må snakke med ungdommane om kor grensene går, seier Toril Taklo i Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) i Førde.

Toril Taklo, avdelingssjef for psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde

UROA: Toril Taklo i BUP er uroleg for at ungdom blir stadig meir utagerande.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Ho har sett videoen og seier at nokre scenar kan vere overgrep. Taklo er uroleg for at ungdom ofte pressar kvarandre til å stadig bli meir utagerande.

– Ungdom kan kjenne seg pressa til å vere med på ting dei eigentleg ikkje synest er greitt, fordi det er populært å leggje ut stadig meir brutale filmar, seier ho.

Politiet kontakta skulen

Då Førde og Naustdal lensmannskontor oppdaga videoane som låg ute vart dei urolege for korleis ungdommane framstiller seg sjølv. Som eit førebyggande tiltak tok dei kontakt med skulane i fylket.

Odd Helge Vågseth

SA IFRÅ: Odd Helge Vågseth er politikontakt i Førde og Naustdal. Han tok opp videoane med skulen og foreldra.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Vi prøver å få dei til å reflektere over om det er så lurt å leggje ut videosnuttar av vald, sex og fyll, seier politikontakt i Førde og Naustdal, Odd Helge Vågseth.

Politiet har også orientert foreldre og føresette om videoane.

– Berre gøy

Russegutane NRK har snakka med er ikkje einige i bekymringane som kjem frå politi og helse.

– Det er jo berre gøy. Ingen blir pressa til å vere med på ting dei ikkje kan stå for. Sjølvsagt kan det vere drikkepress, men ein blir ikkje oppmoda til å gjere dumme ting.

Gutane seier at alle som er med i videoen får godkjenne den før den blir publisert, og at ingen har angra i ettertid.