Hopp til innhold

– Ulrik Flo har knekt koden

Sogndal-trenar Harald Aabrekk meiner at 2011 blir Ulrik Flo sitt år. Aabrekk varslar at stryningen vil ta steget frå talent til nøkkelspelar når han debuterer i Eliteserien.

Ulrik Flo

TEK ANSVAR: Stryningen Ulrik Flo seier han er klar til å ta steget opp.

Foto: Ketil Jordan / NRK

Flo som skåra då Sogndal tapte treningskampen mot Kongsvinger på La Manga laurdag, er innstilt på å ta ansvar.

– Tida er inne for oss unge og lovande. No skal vi vere dei dei som tek steget opp og bidreg, seier Flo.

Ulrik Flo

ER KLAR: 22-åringen Ulrik Flo gler seg til å leve ut draumen sin.

Foto: Ketil Jordan / NRK

Ulrik Flo var eit av lyspunkta på ein ellers svart dag for Sogndal mot Kongsvinger på La Manga. Trenar Harald Aabrekk trur 2011 22-åringen tek steget frå talent til etablert toppspelar.

– Han viser på treningane at han har dei ferdigheitane som skal til i tipppeligaen.

Han legg ikkje skjul på at han ventar mykje at stryningen i eliteserien.

– Ulrik har knekt koden no, og vi gler oss til å sjå han på bana i år.

For Flo betyr det mykje å få tillit i eliteserien.

– Det har vore eit mål og ein draum for meg. Å nå den draumenn og leve den ut, betyr mykje.