Cheick Camara frå Guinea har vore i asyl i Florø i åtte år, men får likevel ikkje opphaldsløyve.
Paradoks
Kleppa seier det er eit paradoks at regjeringa ønskjer å opne for fri arbeidsinnvandring frå nye EU-land og samtidig kastar ut godt integrerte personar berre fordi dei er frå feil land.
SV og SP foreslo i stortinget i vår at enkeltpersonar som har arbeid og som er godt integrert i eit lokalsamfunn, skal kunne søke om arbeidsløyve og på den måten få bli i Noreg. Men dette framlegget fekk ikkje støtte frå dei andre partia.
Camara meiner han ikkje kan reise tilbake til heimlandet. Der risikerer han å bli fengsla og drepen.