Hopp til innhold

– Uheldig å seie nei til Volda

Styremedlem Oddmund L. Hoel meiner det var svært uheldig at fleirtalet i styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) sa nei til fusjonsforhandlingar med Høgskulen i Volda.

Trond Ueland og Oddmund Hoel

USAMDE OM VEDTAKET: Oddmund L. Hoel (t.v.) ville gjerne ha fusjon med Volda, styreleiar Trond Ueland var i fleirtalet som sa nei.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Dei to høgskulestyra hadde begge møte i Loen i dag, og eit samrøystes styre for Høgskulen i Volda gjekk inn for å gå inn i fusjonsforhandlingar med HiSF. Men fleirtalet i styret i HiSF vende tommelen ned for invitten.

Oddmund L. Hoel utgjorde mindretalet saman med Jan Olav Fretland og studentrepresentantane Magnus Nordrum Brøste og Trine Ludvigsen Rygg. Han meiner det var uheldig å seie nei til Volda.

– Det kunne ha vore ein veldig interessant konstellasjon med fusjon mellom Sogn og Fjordane og Volda. Det er to veldig like høgskular som har veldig mykje felles, dei ligg i bygde-Noreg, dei har sterk nynorskbruk, dei har fagsamansetjing som matchar godt.

– Eg er letta

Styreleiar Trond Ueland i Høgskulen i Sogn og Fjordane var derimot glad for at fleirtalet valde å seie nei.

– Det er eit godt vedtak. Eg er letta.

– Kvifor avviser de Volda?

– Vi har vore genuint interesserte i å få med oss Volda mot det vi kallar Vestlandshøgskulen saman med Bergen og Stord/Haugesund. Det ville ha gitt ein komplett og god Vestlandshøgskule. Det har dei sagt nei til.

– Så ber dei oss om å starte eigne forhandlingar med Volda. Det er ei umogleg oppgåve fordi vi alt er inne i forhandlingar med Bergen og Stord/Haugesund. Vi kan ikkje drive to forhandlingar parallelt.

Johann Roppen på styremøte i HiSF

KOM MED INVITTEN: Rektor og styreleiar Johann Roppen ved Høgskulen i Volda presenterer vedtaket frå sitt styre for HiSF-styret.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Har eit hjarte for Volda

Men Ueland slamrar ikkje att døra for godt for Volda.

– Vi har eit hjarte for Volda, og vi veit aldri. Endar vi opp med å ikkje gå saman med Bergen og Stord/Haugesund er det ei opning for Volda.

– Styret var splitta. Kva fortel det deg?

– Det fortel meg at det går frykteleg fort. Det er eit landskap i veldig rask endring, og at vi har hatt eit styre som for berre eit halvt år sidan var for sjølvstendelinja, og at det er krevjande. Men eg synest vi handterer dette på ein god og respektfull måte.

Johann Roppen

USIKRE PÅ VESTLANDSHØGSKULEN: Høgskulen i Volda står ikkje klar til å fylgje med inn i samarbeid med Bergen og Stord/Haugesund, seier rektor og styreleiar Johann Roppen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Skal samarbeide uansett

Rektor og styreleiar Johann Roppen ved Høgskulen i Volda sa etter vedtaket til HiSF-styret at dei berre må forhalde seg til at HiSF ikkje sa ja til invitten.

– Men vi skal samarbeide framover uansett, det er det veldig stor semje om både i Sogn og Fjordane og Volda, og det er positivt.

Roppen seier at Høgskulen i Volda ikkje har teke stilling til om dei ynskjer å vere med i Vestlandshøgskulen.

– I diskusjonen oppfatta eg at omtrent alle styremedlemmene våre som tok ordet var i beste fall usikre på Vestlandshøgskulen som ein litt stor og komplisert konstruksjon.

– Så det er ikkje slik at vi etter å ha fått nei frå Sogn og Fjordane vil hive oss rundt og melde oss på. Men det vil sjølvsagt bli diskutert på neste ordinære styremøte.