Hopp til innhold

– Uavgjort ok resultat mot Follo

SJÅ FOLLO - SOGNDAL DIREKTE PÅ NETT-TV HER FRÅ KLOKKA 16.00

Svært vanskelege baneforhold og eit lag som dei ikkje heilt har fått tak på i år. Dette er kva som ventar serieleiar Sogndal i hengekampen onsdag ettermiddag.

Espen Olsen

KAN AVGJERE: Espen Olsen ordna tre poeng på overtid mot Bodø/Glimt søndag. I dag ventar Follo.

Foto: Rune Fossum / NRK

Tabelljumbo Follo tek imot Sogndal på Ski idrettspark klokka 16.00 i ein kamp heimelaget må vinne. Laget som skal spele cupfinale ligg heilt sist i 1. divisjon med 18 poeng.

Søkkvåt bane

Men det blir neppe finspel i Ski.

Trond Fylling

– VANSKELEG KAMP: Sogndal har hatt problem mot Follo, vedgår sportsleg leiar Trond Fylling.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Baneforholda er svært vanskelege grunna høg vassføring, og bana var stengt seinast måndag. Eg har ikkje sjølv sett grasmatta enno, men det blir opp til dommaren om kanmpen kan gå i Ski, seier sportsleg leiar Trond Fylling i Sogndal Fotball.

Dersom baneforholda er for dårlege, vil kampen bli spelt på Melløs stadion i Moss.

– Det er ikkje aktuelt å utsetje kampen, men er reknar det som nesten sikkert at den går i Ski, seier Fylling.

Follo har hatt grep på Sogndal

Kampen vart første gong utsett fordi Sogndal hadde spelarar i aksjon på aldersbestemte landslag.

Fylling spår ein vanskeleg kamp for Sogndal. Etter ha vunne 4-3 heime på Fosshaugane i vårsesongen av serien, vart sogndølene slått ut i kvartfinalen i cupen – på Ski.

– Follo er det laget som har scora mest på oss i år. Det høyrest kanskje ut som ein klisjé, men vi har hatt problem mot dette laget. Får Follo spel og rom, er dei veldig gode. Dei køyrer sitt løp uansett, analyserer Fylling.

Han viser til at Follo var det beste laget, sjølv om dei tapte mot Ranheim sist helg.

– Uavgjort vil vere eit bra resultat for oss, meiner serieleiaren sin sportssjef.

Artikkelen held fram.

Christian Bwamy og Follo jubler for mål mot Sogndal

CUP-LAGET: Follo-spelarane jublar etter å ha slått Sogndal ut i kvartfinalen. Laget som møter Strømsgodset i cupfinalen må slå Sogndal om dei skal ha ein reell sjanse til å overleve i 1. divisjon.

Foto: Lien, Kyrre / Scanpix

Utan Flo og Elvis

Laget har seks poengs luke ned til Fredrikstad på andreplass, og 10 poeng ned til Sarpsborg 08 på kvalik.

– Håvard Flo og Elvis er ute med skade, men vi har fått tilbake dei tre som har vore på U-18-landslagsspel i Estland, seier Fylling som utan Håvard framleis har att Per Egil og Ulrik Flo i troppen.

Han håpar at Elvis, som fekk seg ein real smell i heimekampen mot Alta, kan vere klar til Ranheim-møtet om to veker.

To mål på landslaget - benken for Sogndal

Unggutane Ørjan Hopen, Eivind Daniel Røed og Gustav Valsvik fekk alle speletid på U-landslaget sine kampar i førre veke.

Ørjan Hopen kom innpå og scora to mål mot Scotland, men startar ikkje i 1. divisjonskampen mot Follo.

– Ørjan er med i troppen, men startar på benken, opplyser Trond Fylling.

Harald Aabrekks tropp mot Follo:

Piotr Leciejewski, Per Egil Flo, Lars Grorud, Even Hovland, Mats Solheim, Ole Jørgen Halvorsen, Henrik Furebotn, Isak Scheel, Barry Kader, Espen Olsen, Ulrik Flo

Benken:
Joe Bendik, Gustav Valsvik, Vegar Gjermundstad, Ørjan Hopen, Eivind Daniel Røed, Tommy Øren, Joakim Rudolfsen.

(Kjelde: sogndalfotball.no)

Follo FK har ikkje offentleggjort sin tropp.