Hopp til innhold

– Uaktuelt å slakte ned buskap

Det er uaktuelt å la bønder få betaling for å slakte ned beitedyr for å unngå farlege situasjonar på vegane, seier Samferdsledepartementet.

Video Vil refleksmerke husdyr

DETTE ER TRYGG TRAFIKK SI LØYSING: For å hindre dyretragediar langs vegane vil Trygg Trafikk merke husdyra med refleks.

Etter dyretragedien i Kjøsnesfjorden i Jølster søndag, føreslo NAF nedslakting av buskapar dersom inngjerding er umogleg.

Det forslaget fell i svært dårleg jord hos departementet.

– Dette er eit useriøst forslag, seier politisk rådgjevar i Samferdsledepartementet, Sigrid Brattabø Handegard.

Øvst i saka kan du sjå video av korleis Trygg Trafikk vil løyse problemet med dyr i vegbana. Dei ønskjer å merke husdyra med refleks.

Kranglar om gjerder

Korleis skal ein løyse problemet med dyr som beitar i område der det går sterkt trafikkerte vegar? Det spørsmålet har mange spurt seg etter dyretragedien på riksveg 5 i Kjøsnesfjorden i Jølster sist søndag.

Nattbussen brasa då rett inn i ein flokk med geiter som sov i vegbana, over 33 dyr vart drepne.

Den lokale bondelagsleiaren krev at staten betaler for gjerder og undergangar for å sikre både dyr og bilistar. Men distriktssjefen i Vegvesenet seier dei ofte ikkje får brukt opp pengane dei har til slike tiltak fordi dei ikkje blir samde med bøndene.

Eit viktig spørsmål som ofte set ein stoppar for oppsetjing av gjerder, er kven som skal stå for vedlikehaldet.

Slik det er i dag betalar Vegvesenet for gjerda og vedlikehaldet, men det er bøndene som må gjere det i praksis. Det er det mange bønder som ikkje er interesserte i.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Krev gjerder

KREV GJERDER: Bønder og yrkessjåførar krev gjerder for å sikre både bilistar og dyr.

– Gjerder eller bort med dyra

Norges Automobilforbund, NAF, meiner ein må gjere noko drastisk for å få sikra vegane. Dei fryktar det skal skje alvorlege ulukker på grunn av beitedyr i vegbana, og meiner noko må skje straks.

I område der bøndene og Vegvesenet ikkje blir samde føreslår dei å slakte ned buskapen mot at bøndene før økonomisk kompensasjon.

– Anten må ein få på plass gjerder, om ikkje må dyra vekk, seier juridisk rådgjevar Andrè Fimreite.

Bøndene og bondelagsleiaren rasar over forslaget og kallar det både flåsete og useriøst.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video 33 geiter drepne av nattbussen

DYRETRAGEDI: 33 geiter vart drepne av nattbussen søndag denne veka.

– Urealistisk å gjerde inne alle vegane

Heller ikkje i departementet er dei spesielt begeistra for forslaget frå NAF. Dette blir ikkje aktuelt, seier Sigrid Brattabø Handegard i Samferdsledepartementet.

– Å betale folk for å slutte produsere mat og pleie kulturlandskapet som eit trafikktryggleikstiltak, slik NAF føreslår, er ikkje aktuelt. Det er eit useriøst forslag, seier Brattabø Handegard til NRK.

Ho meiner ein ikkje berre kan kvitte seg med dyra som går langs vegane og seier desse er viktige både av omsyn til matproduksjon og kulturlandskapet.

– Store delar av vegnettet går gjennom område der dyr ferdast. Det å gjerde inne heile vegnettet er urealistisk, seier Brattabø Handegard.

Trur dei vil finne ei løysing

Statens vegvesen har fått pengar til å sikre riksveg 5 som går gjennom Kjøsnesfjorden med gjerder og undergangar. Så langt har ikkje bøndene og Vegvesenet blitt samde.

Den politiske rådgjevaren er likevel klar på at ein må kome fram til ei løysing, og trur den tragiske hendinga vil få fart på dei involverte.

– Eg har stor tiltru til at grunneigarar og Vegvesenet vil setje seg ned på ny og finne ei løysing, seier Brattabø Handegard.

– Er regjeringa mest oppteken av næringspolitikk eller av trafikktryggleik?

– Regjeringa er oppteken av begge deler. På denne strekninga er det løyvd pengar, nettopp fordi det er ei utsett strekning. Difor trur eg at det skal vere mogleg å kome fram til tiltak som vil sikre trafikktryggleiken.