NRK Meny
Normal

Statssekretær avviser å byte flyplassar mot betre veg

Statssekretær Tom Cato Karlsen (Frp) avviser at det er aktuelt å leggje ned flyplassar i bytte mot betre vegar. – Det er nok meir ein lokal debatt enn signal frå regjeringa, seier han.

Tom Cato Karlsen og Widerøe-fly

AVVISER: Statssekretær Tom Cato Karlsen avviser at regjeringa har planer om å leggje ned flyplassar i Sogn og Fjordane.

Foto: Fotomontasje Scanpix

Røyken etter fredspipa til Førde- og Flora-ordførarane har så vidt lagt seg etter ein oppvarma flyplassdiskusjon, før statssekretær i Samferdsledepartementet, Tom Cato Karlsen (Frp), avviser innhaldet i den.

– Vi registrerer diskusjonen i Sogn og Fjordane, seier han.

Oppheita debatt

Bjørn Hollevik

HØGTENKING: Bjørn Hollevik (H) tenkte høgt om flyplassar og vegar. Det utløyste ein heftig diskusjon.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det tok verkeleg av etter at Flora-politikar Bjørn Hollevik (H) tenkte høgt om å byte flyplassar mot vegsamband som til dømes Kystvegen Florø-Måløy.

Ei rekkje politikarar kjende seg kalla til ein oppheita meiningsutveksling med harde skuldingar og ordelag. Det enda med semje og forsoning med ordførarane Olve Grotle og Bengt Solheim-Olsen (begge Høgre) i spissen.

Til slutt beklaga også Hollevik utspelet.

– Høgttenking, det er ein litt farleg sport, sa Hollevik.

– Registrerer debatten

Sjølv om Avinor no har fått i oppdrag frå regjeringa å vurdere strukturen, seier statssekretær Karlsen at ein ikkje tek omsyn til vegplanar. Han står fast på regjeringa ikkje vil ta omsyn til slike lokale debattar.

Og legg til at regjeringa ikkje har noko spesiell plan om å leggje ned flyplassar.

– I den grad vi skulle bede om ei slik utgreiing, så ville det vore offentleggjort. Vi registrerer at det er debatt, men utover det så har vi ikkje så mykje meir å tilføye, seier statssekretær Karlsen.

Årleg framlegg

– Det er ingen masterplan frå Regjeringa å byrje å leggje ned flyplassar i Sogn og Fjordane, legg han til.

Frank Willy Djuvik

FYLKESLEIAR: Frank Willy Djuvik (Frp) har nærast årleg teke til ordet for å kutte tal flyplassar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Men fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik, har nesten årleg teke til ordet for å redusere tal flyplassar. Han meiner også at dette bør utløyse meir pengar til veg.

Djuvik meiner utspelet frå statssekretæren ikkje betyr at regjeringa avlyser innspela han har kome med.

– Det ville vere uryddig av departementet å uttale seg om dette før Avinor legg ned sitt utkast på løysing 1. mai 2015, seier han.

Internt partidiskusjon

Tom Cato Karlsen seier det er ein skilnad på Frp sin politikk som Djuvik kjempar for, og det som er Høgre/Frp regjeringa sin regjeringsplattform.

– Vi styrer etter regjeringa sin plattform. Det kjem vi til å gjere denne perioden. Så er det sjølvsagt ein diskusjon internt i partiet å gjere det som er diskutert i Sogn og Fjordane, avsluttar Karlsen.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.