Rullestolbrukaren Jan Kåre Stura hadde fått motorstopp, og bad om å få sitje i sin eigen bil då bergingsbilen køyrde den mot Bergen. Ved Vadheim small det. Ein trailer kom over i feil køyrefelt. Dei to i bergingsbilen vart alvorleg skadde. Medan Stura og den andre passasjeren i hans bil kom frå det med nokre skrammer.
God jobb
Bilen som Stura sat i ramla av bergingsbilen då small, men det meiner han ikkje var til å unngå i ein så kraftig samanstøyt. Og han seier at sjåføren av bilen frå Viking redningsteneste gjorde god jobb med å feste bilen, og at han stogga og kontrollerte festa undervegs.
Forbod
Trygg Trafikk vil forby slik transport.