Hopp til innhold

– Trygt å køyre til Honningsvåg

I dag kan innbyggjarane i Honningsvåg i Selje igjen komme seg til og frå bygda.

Vegen til Honningsvåg.

OPNA: Slik ser det ut på fylkesveg 633 til Honningsvåg. Vegvesenet har reinska i fjellsida over vegen.

Foto: Asbjørg Honningsvåg

Vegen har vore stengd sidan førre laurdag då fleire bilar vart trefte av jord og stein ved Kleiva.

Vegvesenet har denne veka spylt og reinska ned mellom 200 og 250 kubikk med stein og jord frå fjellsida.

– Vi meiner det er akseptabelt å køyre forbi no, men vil ha opp att klatrarar for ny sjekk om ei veke, fortel byggjeleiar Terje Samuelsen ved Statens vegvesen.

Steinane hagla

Punktet på fylkesveg 633 har vore utsett for ras dei siste månadane. Førre laurdag fekk Asbjørg Honningsvåg og sonen hennar ei dramatisk oppleving då steinane hagla rundt bilen.

Bil treft av stein ved Kleiva på fylkesveg 633

KRATER: Her trefte steinen bilen til Asbjørg Honningsvåg.

Den eine steinen var så stor at ho ikkje vågar å tenkje på følgjene om den hadde kome gjennom taket eller frontruta.

Det blir ikkje med lett hjarte ho kjem til å køyre forbi rasstaden - og sleppe hennar åtte år gamle son forbi til skulen.

– Nei, det er det ikkje. Fjellreinsking er ikkje noko eingongsoppgåve. Det er fjell, forvitring og issprenging. Kleiva er framleis Kleiva. Vi sit med ei litt spent magekjensle for korleis hausten og vinteren blir, seier ho.

Spent på framtida

Kring 40 innbyggjarar vart isolerte då vegen vart stengd. Det har skapt både problem og utfordringar. No håpar dei at vegvesenet vil vurdere alternativ slik at dei kan kjenne seg trygge når dei reiser til og frå bygda.

Innbyggjarane er også uroa for beredskapen når vegen stengjer . For vegen er ved ujamne mellomrom stengd som følgje av ras og snøskred.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vegen til Honningsvåg.

SKADE: Steinane har gjort stor skade på vegen.

Foto: Asbjørg Honningsvåg

– Om nokre år er vi attende i same situasjon som no. I dag er det tørt og fint. Eg er spent på kva som skjer når det kjem mykje nedbør, seier ho.

– Bør ta diskusjonen

Samuelsen i vegvesenet vedgår at tida er inne å vurdere alternativ for ein tryggare veg til Honningsvåg.

Det har vore sett opp båtrute til og frå bygda medan vegen var stengd.

– Den diskusjonen er vi ikkje byrja på, men det er nok ein diskusjon både vi og politikarar bør ta, seier han.

Kvir seg

Rasområdet ved Kleiva på fylkesveg 633

RAS: Slik såg det ut ved Kleiva førre laurdag.

Asbjørg Honningsvåg seier både ho og sonen kvir seg på å køyre forbi rasstaden.

– Eg veit ikkje korleis det blir. Han har snakka mykje om det som skjedde, og bilen står framleis heime på tunet. Det er nok ei oppleving også han vil ha med seg vidare og tenkje på når han køyrer forbi, seier ho.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.