Hopp til innhold

– Trudde hunden hadde sleppt ein

LUSTER (NRK) Brannvernet har si fulle hyre med å spyle vekk møkk etter at fleire titals kubikk med møkkavatn har runne ned Bringebakkane i bygda Luster. – Eg trudde hunden hadde sleppt ein, seier nabo.

Møkkasøl i Luster

SPYLER: Brannmannskapa spyler vekk møkk i Luster.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Vi har fått melding om at møkk renn ned gjennom eit bustadfelt i Luster og ned til hovudvegen, opplyste Dan Inge Gjesdal, vaktleiar ved Alarmsentralen i Florø, til NRK før klokka 20.

Det skal dreie seg om fleire titals kubikk med møkk. Politiet meldte etter klokka 20 at brannmannskap var i ferd med å spyle unna møkka.

Møkka kjem frå ein møkkakjellar i ein driftsbygning på ein gard i området over Bringebakkane i Luster. Det skal vere mest møkkavatn som renn.

– Lekkasjen skal vere på cirka 35–40 kubikk, seier operasjonsleiar Kai Henning Myklebust hjå politiet sin operasjonssentral i Florø.

Politiet har snakka med eigar av bygget, og det vil bli oppretta sak.

Sterk lukt

NRK sin reporter på staden seier at møkka har runne ned i utkanten av bustadfeltet, langs yttersvingane i feltet, og heilt ut i fjorden. Ingen bustadhus er direkte råka av møkka.

Men hendinga kjendest i nasen.

– Det var ein heilt forferdeleg stank som kom, seier Aage Fjøsne.

Åge Fjøsne

NABO: Lukta var heilt forferdeleg, seier nabo Aage Fjøsne.

Foto: Arve Uglum / NRK

Han bur i Bringebakkane. Huset hans er no fylt med møkkalukt.

– Vi har ein hund som vi lurte på om hadde sleppt ein. Men då me opna døra kjende eg fort at lukta kom utanfrå, seier Fjøsne.

– Eg skulle på jobb. Når eg kjem ned i svingen ved leikeplassen oppdagar eg noko som ser ut som mykje jord. Eg sette lyset på. Der rann det møkkavatn. Sjokoladebrunt. Det rann i stride straumar, fortel Fjøsne.

Inne i huset

– Korleis er det inne i huset ditt no?

– Til å byrje med var det heilt forferdeleg. Vi måtte opne alle vindauge. No sit me inne med boblejakker på, og med dørene og vindaugane opne.

Elv av møkk

ELV AV MØKK: Slik ser det ut i Luster i kveld.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Det er ikkje sikkert det hjelper når lukta kjem utanfrå?

– Då eg kom inn att var det faktisk verre inne enn ute.

– Er du redd for at lukta skal setje seg i vegger og tak?

– Nei, eg er ikkje det. Vi skal nok få ut att lukta. Men eg er litt ottefull for drikkevatnet, seier Fjøsne.

Inga ureining

Det skal likevel ikkje vere fare for ureining i området.

– Brannvernet har spylt og reingjort, og melder om ingen fare for ureining. Men kommunen er varsla og vil følge opp med målingar slik at vi er sikre, seier operasjonsleiar Kai Henning Myklebust hjå politiet.

Luster