NRK Meny
Normal

– Trist om lensmannskontoret vert flytta til Sogndal

Fredag kjem politimeisteren i Vest politidistrikt si innstilling på korleis politiet i Sogn og Fjordane skal organiserast i framtida. Eit av kontora som kan bli lagt ned er Luster lensmannskontor.

Asle Karoliussen

USIKKER: Asle Karoliussen er usikker på om forslaget som ligg framme for Sogn og Fjordane vil skape eit betre politi.

Foto: Magnus Gamlem / NRK

– Ser vi tilbake i tid så er lensmannen i Luster ein person som har vore her i kommunen sidan 1738. Så det blir ei omstilling for publikum å ikkje ha nokon å kontakte, seier lensmann i Luster Asle Karoliussen.

Fredag kjem politimeister i Vest politidistrikt, Kaare Songstad, med si innstilling for korleis lensmannskontorstrukturen i det nye politidistriktet skal sjå ut.

Karoliussen har vore lensmann i Luster i 22 år, men det kan gå mot slutten. Luster er eit av 12 lensmannskontor i Sogn og Fjordane som risikerer å verte lagt ned som ein del av politireforma. Karoliussen håpar framleis kontoret kan bestå.

– No har det har kome eit nytt innspel som gjer at dei kanskje må sjå endå ein gong på kor mange kontor som skal leggast ned. Gjer dei det og ser at dei tidlegare har lagt ned for mange kontor, så kan det hende dei må snu på det og sjå på kriteria for kva kontor som skal bestå.

– Usikker

Karoliussen er usikker på om det forslaget som ligg framme for Sogn og Fjordane i nærpolitireforma vil føre til eit betre politi.

– Det står att å sjå kva som blir resultatet. Dersom vi ikkje får tilført tilstrekkelege ressursar til å bygge eit sterkare politi som er ute heile tida, så trur eg vi kan ende opp med eit politi som er dårlegare enn i dag. Det er vanskeleg å seie korleis det blir, men eg håper dei får det til.

Ein eller tre regionar

Tormod Hvattum

TAPPING: Tormod Hvattum fryktar distrikta kan bli tappa for politikompetanse dersom ein sentraliserer regionlensmenna.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Eit av spørsmåla politimeisteren må vurdere er kor mange regionlensmenn han vil ha i Sogn og Fjordane. I dag er det tre slike lensmenn, ein i Sogn, ein i Nordfjord og ein i Sunnfjord.

Arbeidsgruppa som utarbeidde forslaget som politimeisteren no skal ta stilling til var splitta i spørsmålet om det burde vere tre eller ein. Regionlensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum, håpar fylket får behalde dei ein har i dag.

– Eg meiner dagens struktur er best for å halde kompetansen lokalt. Dersom det blir redusert til ein regionlensmann blir nok han sentralisert til Florø eller Førde. Det fryktar eg kan føre til at distrikta på sikt blir tappa for politikompetanse.

Ny kvardag

Hvattum fortel at politiet allereie er i gong med å bu seg på den nye kvardagen.

– Frå neste veke set vi i gong kurs for å lære opp mannskapet i dei nye konsepta, som politiarbeid på staden og vi går til innkjøp av teknisk utstyr som skal mogleggjere det.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.