Hopp til innhold

Lødemel møtt av sperreband og væpna politi då han skulle på jobb

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) tykkjer det er trist at nokon vil sprengje Stortinget. Onsdag morgon blei han møtt av politibilar, væpna politi og sperreband.

Bjørn Lødemel om trusselen mot Stortinget

SJÅ VIDEO: Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) tykkjer det er trasig at nokon har truga med å sprengje Stortinget. Reporter: Simon Solheim, NRK

Lødemel vakna til nyheitene om at det har kome trusselmelding mot Stortinget.

– Eg tykkjer det er trist å høyre. Dette var ikkje kjekt, seier han.

Politiet har sidan i går kveld leita etter ein mann som truga med å sprengje Stortinget. Saka blei først meldt til Asker og Bærum politidistrikt etter at trugslane blei overhøyrde på ein buss. Mannen sette seg seinare i ein drosje i Sandvika, som kjørte ham til Lambertseter i Oslo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Området rundt Stortinget var onsdag morgen fortsatt avsperret.

POLITI OG SPERREBAND: Onsdag morgon var området rundt Stortinget framleis sperra av.

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

Reknar med han skal jobbe som normalt

Trusselmeldinga førte til ein stor politiaksjon og væpna politi har omringa Stortinget i heile natt.

Bjørn Lødemel, som er frå Hornindal og stortingsrepresentant for Høgre, blei møtt av mange politibilar, tungt væpna politi og sperreband. Han trur likevel han skal jobbe som vanleg på Stortinget i dag.

– Eg reknar med politiet har kontroll på dette og har tenkt å gjere jobben min i dag som eg gjer kvar dag. Men det å bli møtt med politisperringar når eg skal på jobb, tykkjer eg er trasig.

– Kva tenkjer du om at nokon seier dei vil sprengje Stortinget i lufta?

– Det tykkjer eg er trist. Eg håper politiet har kontroll på situasjonen og at livet i Stortinget kan gå sin gang. Eg håper verkeleg det blir ein vanleg dag på jobb.

Ingen pågripne

Politiet aksjonerte ved 9-tida mot ein leilegheit på Lambertseter i Oslo, men opplyser at ingen er pågripne i aksjonen.

Politibiler

STOR UTRYKKING: Det var mange politibilar på Karl Johan onsdag morgon.

Foto: Kristin Granbo / NRK