NRK Meny
Normal

– Tour-arrangementet har vore ein suksess

Publikum, arrangørar og sponsorar har alle kome med gode tilbakemeldingar. No håpar den lokale arrangøren på fleire store sykkelritt i Sogn og Fjordane.

Tour des Fjords - utbrytarane går gjennom Førde

Tour des Fjords: Her syklar utbrytarane gjennom Førde

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Arrangementet har gått så å seie knirkefritt. Dei frivillige har gjort ein kjempejobb gjennom heile dagen og vi er svært godt nøgde no seier prosjektleiar for den lokale arrangøren av Tour des Fjords-etappen mellom Balestrand og Førde, Vidar Slettehaug.

Han fortel at mange har kome med rosande ord etter arrangementet og sponsorar er svært nøgde med dagen.

Godt oppmøte

Vidar Slettehaug, Tour des Fjords

GLAD: Vidar Slettehaug frå Sunnfjord Utvikling seier arrangementet gjekk knirkefritt og er open for å arrangere fleire gongar.

Foto: Arne Stubhaug, NRK

Slettehaug seier det er vanskeleg å måle kor mange publikumarar som følgde etappen i går, men seier dei reknar med at over 10 000 personar følgde med på rittet langs løypa. Og det er han godt nøgd med.

– Vi synest oppmøtet har vore fantastisk, seier Slettehaug.

Han fortel at også rittsjef i Tour des Fjords, Roy Hegreberg, har kome med rosande ord om både arrangementet og engasjementet til folk langs løypa.

– Godt publikumsoppmøte og engasjement betyr mykje både for syklistane og for den pakken eit slikt løp er, seier Slettehaug.

Balestrand - Førde

BALESTRAND -FØRDE: Sjå glimt frå første etappe av Tour des Fjords.

Vil arrangere igjen

Prosjektleiar Slettehaug seier han håper å få vere arrangør fleire gongar.

– Basert på dei tilbakemeldingane eg fekk i går kveld så verkar det som om Tour des Fjords er interesserte i å kome tilbake hit ved eit seinare høve. Også er det slik at har du gjort det ein gong, er det lettare å gjere det igjen, seier Slettehaug.

Nøgd festarrangør

Medarrangør til etterfesten som var i Førde om kvelden etter Tour des Fjords-etappen var over, Odd Erik Gullaksen frå Sunnfjord Hotel, seier dei er godt nøgde med arrangementet.

Odd Erik Gullaksen

NØGD: Odd Erik Gullaksen frå Sunnfjord Hotel seier mange tok turen på etterfesten og synest det var eit vellukka arrangement.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi har ikkje fått publikumstal endå, men det var mykje folk og god stemning, så dette var kjekt, seier Gullaksen.

Han synest det var stort å oppleve at det var så mange folk i byen og synest det var moro å ha Tour-folk buande på hotellet. Gullaksen meiner Sunnfjord Utvikling har gjort ein kjempejobb med å få arrangementet til Sogn og Fjordane.

Gode på arrangement

Vidar Slettehaug frå Sunnfjord Utvikling meiner det er mange som er flinke til å arrangere festivalar og andre arrangement rundt om i fylket.

– I fjor blei EM i vektløfting arrangert i Førde og seinare i år kjem Landsskyttarstemnet hit, seier Slettehaug.

No vil han takke alle som har stilt opp for å få i stand sykkelarrangementet Tour des Fjords i Sogn og Fjordane.

– Utan dei frivillige som har stått på med stor iver og utan sponsorar hadde ikkje dette vore mogleg å få til. Eg vil rette ei stor takk til dei, seier Slettehaug.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.