Hopp til innhold

– Totalt bomskot i kommentarfelta

Etter at Roger Hopland delte historia om at han skaut fire hjortar på 15 minutt, har han fått mange negative kommentarar på internett. Det skremmer ikkje jegeren.

Roger Hopland

ANGRAR IKKJE: Hopland fortel at han ikkje angrar på at han delte jakthistoria si på nettet og at han ville gjort det same igjen.

Foto: Privat

Då hjortejakta starta opp for hausten skaut Roger Hopland fire hjortar på femten minutt. Den historia delte han på Facebook førre helg og det vart til artiklar i både Firda og VG. Artikkelen i VG har skapt sterke reaksjonar i kommentarfeltet, det overraskar Hopland sjølv.

– Eg veit at det finst dyrevernorganisasjonar som ikkje likar slikt, men eg tenkte ikkje at det ville kome slike reaksjonar. Dette var berre noko eg ville ha i minneboka mi, og det er Facebook.

Totalt bomskot

Fangst

EIN AV FIRE: Det var fire slike Hopland skaut på femten minutt.

Foto: Privat

Etter at VG skreiv om jaktturen har det kome svært kritiske kommentarar som framstiller jegerar som bestialske drapsmenn. Hopland meiner desse kommentarane ikkje er i nærleiken av sanninga.

– Det er totalt bomskot i forhold til realitetane. Vi driv ei human jakt, og tar livet av dyra på ein human måte. Eg meiner dette blir eit bomskot, men det er opp til kvar og ein å ha ei meining.

Trass at bileta han la ut på Facebook har fått mykje negativ merksemd angrar ikkje Hopland at han delte bileta på internett.

– Eg tar den merksemda heilt med ro, og vil gjere akkurat det same neste gong.

Ikkje unormalt

Berit Skog

TØFF: Berit Skog meiner ein bør vere tøff og budd på at det kan kome negative tilbakemeldingar når ein deler bilete og historier på nettet.

Foto: NTNU

Hopland blir i kommentarfeltet mellom anna kalla ein patetisk jaktmann, i tillegg til fleire andre kraftige kommentarar. Medieforskar ved NTNU Berit Skog har følgt saka og kommentarane om Hopland. Ho seier slike kommentarar er vanlege.

– Denne saka har heilt klart engasjert mange. Det kan ein sjå på kommentarfeltet. Negative kommentarar er vanlege i kommentarfelt og ofte ser ein at dersom ein kommenterer noko negativt fører det til at fleire gjer det.

Bør vere budd

Slike kommentarar som har vore mykje av i denne saka kan ifølge Skog skuldast både nettroll og oppriktige engasjerte. Ho meiner denne saka viser at ein bør tenkje over kva ein publiserer på sosiale medium.

– Ofte vil ein få negative kommentarar på sosiale medium, det viser denne saka. Difor kan det vere greitt å tenkje over kva ein deler, men om ein står for det å vere jeger og er trygg nok så er det greitt. Ein bør vere tøff og budd på negativ tilbakemelding.