Hopp til innhold

– Toget gjekk og eg stod att på perrongen

SOGNDAL: Ole Amund Sveen (27) fekk 41 minutt med eliteseriefotball denne sesongen, før han knakk begge leggbeina i årets andre kamp. Maks uflaks hindrar definitivt eit gjensyn med fotballen denne sesongen.

– Eg prøver å ikkje tenkja alt for mykje på det, då hadde eg blitt gal.

– Dette skulle bli mitt år

Ole Amund Sveen

LITEN PAUSE: ...mellom repetisjonane.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Sogndalspelar Ole Amund Sveen er i gang med dagens første treningsøkt. På føremiddagen er det styrke og rehabilitering, på ettermiddagen kondisjon. Slik har dagane vore sidan det brutale beinbrotet i april , der begge leggbeina i venstrebeinet knakk tvert av.

I heimekampen mot Stabæk 5. april fekk han berre 21 minutt på bana. Han kasta seg fram etter ein ball, og kolliderte med keeperen til Stabæk. Ballen gjekk i mål, men Sveen vrei seg i smerte i staden for å jubla hemningslaust.

– Det var frykteleg tungt at det skjedde. Eg hadde ein veldig god sesong i fjor, med ei vanvitig utvikling. Og i oppkøyringa før årets sesong tok eg nye steg, og følte at dette verkeleg skulle bli året mitt, seier han.

Her bryt Sveen foten

RETT AV: Begge leggbeina knakk rett av i duellen.

Foto: Christian Blom / Scanpix

Toget gjekk utan Sveen om bord

Han vart hasteoperert i Førde, og etter operasjonen gjekk alt på skjener.

Ole Amund Sveen sitt beinbrot

ETTER FØRSTE OPERASJON: Røntgenbildet av Sveen sitt venstrebein etter operasjonen.

Foto: privat

– Eg hadde heilt vanvitig framgang dei to første månadane, og følte at dette kom til å gå kjappare enn eg trudde, og at eg kanskje rakk litt fotball på slutten av sesongen.

– Men så har det stått stille med beinet dei siste tre månadane. Det har vore kjedeleg: eg hadde gjort ein hard jobb før sesongen, men stod att på perrongen då toget gjekk.

Problemet har vore at det vesle leggbeinet ikkje har grodd slik det skulle.

Ole Amund Sveen

SLYNGETRENING: – Kan bli litt lei treningssenteret av og til, seier Sveen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Maks uflaks

Trond Vegard Ripe

INGEN GODE SVAR: Medisinsk ansvarleg Trond Vegard Ripe seier Sveen har hatt uflaks.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Ole Amund har fått oppfølging av landets beste spesialistar på kompliserte brot. Det var ingenting feil med operasjonen, opptreninga han har gjort eller kalsiumnivået i kroppen hans. Av og til skjer slike ting, utan at me kan seia kvifor, seier Trond Vegar Ripe, medisinsk ansvarleg i Sogndal Fotball.

Førre veke vart han operert på nytt. No har han, i tillegg til ei metallstong langs det store leggbeinet, fått inn ei plate og seks skruar som skal sikra at det vesle leggbeinet gror som normalt. Målet er å rekka sesongoppkøyringa i januar med resten av laget. Medan han ventar på det, blir det nye økter i treningssenteret, på sykkelen og i bassenget. Men å springa, eller gå for den saks skuld, er ikkje problemfritt endå.

– Det er heilt merkeleg. Eg kan løfta 100 kilo på berre venstrebeinet i beinpress, men å gå utan å halta klarer eg ikkje, seier han.

Ole Amund Sveen og Kasper Nissen

LITEN GJENG: Sveen (i midten) og Kasper Nissen har trent mykje i lag denne sesongen. Også Nissen er langtidsskada.

Foto: Sondre Dalaker / NRK
Laster innhold, vennligst vent..