Hopp til innhold

Høgskuleleiaren: «Det har vore ein David sin kamp mot Goliat»

Ho har vore arkitekten for løysinga som no hindrar at dei små høgskulane i Norge risikerer å bli tvangssamanslått. Det har vore ei tøff tid, innrømmer Heidi-Kathrin Osland.

Heidi Kathrin Osland, Bjørn Lødemel og Torbjørn Røe Isaksen

KJEMPA HARDT: Heidi-Kathrin Osland saman med stortingsrepresentant Bjørn Lødemel og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, begge frå Høgre.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Signala frå Kunnskapsdepartementet var tydelege, det skulle rasjonaliserast og dei små høgskulane burde finne seg nokon å danse tett med. Helst så tett at samanslåing blei resultatet.

Men høgskulestyret i Sogn og Fjordane reiste bust, og gjekk rett i nærkamp med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Med styreleiar Heidi-Kathrin Osland i spissen blei resultatet det stikk motsette. Det blir ingenting av tvangssamanslåingane.

– Med utgangspunkt i at mange tenkjer at Høgskulen er den viktigaste institusjonen vi har i fylket, så er det klart at både eg, rektor og styret har kjent på det ansvaret. Det har også vore ein David sin kamp mot Goliat, og i det perspektivet så har det vore tøft, seier Osland.

Likte å bli utfordra

Då ho fekk beskjed frå NRK om at regjeringa hadde snudd, så måtte ho ta seg ein liten tankepause. Men kort tid etter fekk ho sendt gledesmeldingar til leiinga ved høgskulen og til resten av styret.

– Veldig glad for den beskjeden, og eg måtte sjølvsagt dele den gleda med dei andre i styret og leiinga. Eg tenkte at dette var bra, men det står jo att litt arbeid enda.

– Hadde høgskulen godt av å bli utfordra frå utsida?

– Ja, klart vi har godt av å bli utfordra. Men å bli utfordra på eksistensgrunnlaget vårt var nok i mest krevjande laget. Men samstundes tru eg mange i Sogn og Fjordane har blitt merksame på kor viktig vi er for fylket, og faktisk også for resten av landet, seier Osland.

Måtte vere tolmodig

Sivilarkitekten og den tidlegare SV-politikaren er glad for all støtta ho og dei andre i høgskulestyret fekk når det storma som verst.

–Ein må berre finne den tolmodige sida av seg sjølv, og tenkje at ein må ha respekt for eigaren, og så bruke styret og kollegiet på Høgskulen. Alt eg gjer er jo basert på avgjerder og drøftingar i styret, dette er ikkje noko sololøp.

At det tidvis har vore tøft å stå fremst i kampen for Høgskulen i Sogn og Fjordane sin eksistens, legg ho ikkje skjul på. Men det er ein kamp ho ikkje ønska å gå glipp av.

– Nokre driv med ekstremsport, men eg likar også utfordringar og gjev meg ikkje. Om eg ser noko eg kan få til saman med andre, så gir ikkje eg meg ved første sverdslag, slår Heidi-Kathrin Osland fast.