Hopp til innhold

– Tøffare klimakrav bra for distrikta

Venstre braut forhandlingane med regjeringa fordi dei vil gjere det dyrare å køyre bensinbil. No skal Sveinung Rotevatn (V) drive valkamp der «alle» køyrer bil.

Sveinung Rotevatn

HAR TRUA: Sveinung Rotevatn har trua på at folk i Sogn og Fjordane forstår at bensinbilar bør bli dyrare

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Det er bra for distrikta at vi stiller tøffe klimakrav, og det er noko folk i mitt heimfylke Sogn og Fjordane bør vere samde i.

Venstre vart ikkje samde med regjeringspartia om eit budsjett, og forhandlingane braut fordi Frp insisterte på at det ikkje skal bli dyrare å køyre bil. Rotevatn fortel at det viktige for Venstre er at det må løne seg å velje miljøvenleg. lokalpolitikar i Frp Frank Willy Djuvik trur det blir krevjande for Rotevatn å drive valkamp i Sogn og Fjordane no.

– Eg trur det blir ein komplisert valkamp for Venstre alle stader der folk er avhengige av å køyre bil, seier Djuvik.

Les også: – Ikkje i nærleiken av å kutte utsleppa nok

– Distrikta må ikkje bli eit talerøyr for fossilindustrien

Men Rotevatn vil ikkje vere med på at det blir ein krevjande valkamp for Venstre i distrikta. Han seier at det grøne skiftet vil vere positivt for distrikta, og for eit fylke som Sogn og Fjordane.

– Det er ingen grunn til at distrikta skal gjere seg til eit talerøyr for fossilindustrien. Det er ein sentraliserande industri, medan den fornybare industrien er lokal, seier Rotevatn.

Frank Willy Djuvik på Sunnfjord hotell

VIL IKKJE HA DYRARE BENSIN: Frank Willy Djuvik seier at det er uaktuelt for Frp å gå inn for dyrare bensin.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Les også: Krisemøtet løyste ikkje krisa

Vil at det skal løne seg å velje grønt

Han fortel at det viktige for Venstre er at folk tek miljøvenlege val når dei skal kjøpe ny bil.

– Vi vil at det skal bli litt dyrare å køyre bil som går på fossil energi, men så skal det bli billegare å køyre ein miljøvenleg bil, seier Rotevatn. Når folk skal ta praten om ny bil rundt middagsbordet, så vil vi at dei skal velje ein som går på fornybar energi.

Djuvik i Frp trur ikkje folk kjem til å la seg begeistra av den argumentasjonen..

– Det Venstre ikkje forstår, er at folk ikkje sit rundt middagsbordet og diskuterer ny bil kvart år. Folk flest har ein bil som går på bensin eller diesel, og no vil Venstre gjere den dyrare. Det blir vanskeleg å forklare i eit fylke der alle er heilt avhengige av bilen sin, seier Djuvik.