Hopp til innhold

No dreg det seg til i fjellet

Vêret har gitt store utfordringar for reisande i dag. Både langs vegen og i lufta. – Tenk deg godt om før du reiser, oppmodar Vegtrafikksentralen.

Begnadalen

DREG SEG TIL: Statens vegvesen opplyser at det er vanskelege køyreforhold på dei aller fleste fjellovergangane.

Foto: Vegkamera / Statens vegvesen

Kraftig vind og snøfall har ført til utfordrande forhold på fjellovergangar , som igjen har resultert i både stengde vegar og kolonnekøyringar.

Trafikkoperatør Kristian Fauskan ved Vegtrafikksentralen i Bergen åtvarar folk mot å køyre over fjellet.

– Det er byrja å dra seg til i fjella, så folk må tenkje seg om før dei legg ut på lengre ekspedisjonar, seier han.

– Bruk kjettingar

Fauskan har fått opplyst frå entreprenøren på E16 over Filefjell at det er vanskelege køyreforhold med sterkt redusert sikt.

– Det er også gjengangaren for dei andre fjellovergangane. No er det vanskeleg å køyre over fjellet. Og store køyretøy må bruke kjettingar, seier han.

Lufthamnsjef Siv Merete Stadheim

MYKJE VÊR: – Som andre flyplassar på Vestlandet har vi merka at det har vore mykje vêr, stadfestar lufthamnsjef Siv Merete Stadheim i Florø.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Men også flyplassane på Vestlandet har merka vinden.

– Det har vore dårleg vêr i større delar av fylket og for flyplassane på Vestlandet i dag, slik at avgangar har blitt kansellerte, stadfestar lufthamnsjef Siv Merete Stadheim i Florø.

Dårleg vêr i havet

Lufthamna sender dagleg helikopter med offshorearbeidarar til og frå Nordsjøen. Det dårlege vêret på Vestlandet er ei av årsakene til at dei i dag har kansellert fem av seks avgangar.

Helikopter på Florø lufthamn

STÅR: Helikoptertrafikken har stått i Florø i dag. – Vi fekk av garde første tur til Nordsjøen, men måtte kansellere dei fem neste, seier lufthamnsjef Siv Merete Stadheim.

Foto: Truls Kleiven

– Vi fekk den første avgangen av garde, men har måtte kansellere fem flightar. I tillegg til at vi har hatt utfordringar med å få offshorepassasjerar til Florø, har det vore periodar med lyn, tore og mykje vind i havet. Dette har gjort at nokre helikopter er kansellert av den grunn, seier Stadheim.

Det blir ikkje sendt fleire helikopter ut i Nordsjøen i dag.

– Vi må sjå morgondagen an om det lettar litt då, seier ho.