Hopp til innhold

– Takk for at du såg meg

På skulen var Even Vågen Aga (17) i ferd med å gje opp, men læraren Jannicke Gjervik snudde opp ned på framtida hans.

Even var i ferd med å gi opp skolen.

BLEI SETT: – Ho var den første som såg det gode i meg, fortel Even Vågen Aga om læraren Jannicke Gjervik. Sjå møtet mellom dei i filmen over.

På skulen var Even Vågen Aga ei urokråke som stadig hamna på rektor sitt kontor. No går han på Havbruk ved Måløy vidaregåande skule. Dette takkar han læraren Jannicke Gjervik for.

– Eg hadde ingen draum om å bli noko, fortel han.

Men læraren Jannicke Gjervik såg det gode i han og ikkje berre guten som bråka.

– Eg fekk sjå han blomstre, seier ho.

I dokumentarprosjektet #dusåmeg møter ein lærarar som har spelt ei avgjerande rolle i liva til elevane sine. I løpet av fem korte filmar møter tidlegare elevar lærarane som har hjupe dei i ein vanskeleg periode.

SJÅ ALLE HISTORIENE HER: #dusåmeg

Ei av historiene har sitt opphav frå Askvoll skule i Sogn og Fjordane, der læraren Jannicke Gjervik spelte ei sentral rolle i livet og vegvalet vidare for 17 år gamle Even Vågen Aga.