– Det første du må gjere er å prøve å få kontakt med personen og sjekke om ho pustar, seier førstehjelpsansvarleg i Røde Kors i Sogn og Fjordane, Helge Lekveen.
ENGASJERT: Førstehjelpsansvarleg i Røde Kors i Sogn og Fjordane, Helge Lekveen, vil at fleire skal tore å gjere noko når dei kjem i ein situasjon der nokon treng førstehjelp.
Foto: Arne Stubhaug / NRKHan fortel at om du finn ein person som ikkje pustar, så må du setje i gang med hjarte-lunge-redning. Men det er her det stoggar opp for mange. Ei ny undersøking Respons Analyse har gjort for Røde Kors viser at berre fire av ti seier at dei tør å sette i gang med livreddande førstehjelp i dei mest vanlege situasjonane der førstehjelp kan redde liv.
- LES OGSÅ:
Vil lære opp fleire
Røde Kors set no i gang med førstehjepsløftet, eit prosjekt som har mål om å auke kunnskapen om førstehjelp.
KONTAKT: Det første du skal gjere når du ser ein skadd person er å prøve å få kontakt med vedkomande.
Foto: Norsk Luftambulanse– Eg synest det er trist at så mange vegrar seg for å hjelpe andre, seier Helge Lekveen i Røde Kors.
Han meiner det er til beste for alle om fleire kan gjere noko når ulukka først er ute.
– Om ein er redd for å gjere noko så kan ein i alle fall ringe til 113, seier han.
- LES OGSÅ:
Meiner fleire bør ta førstehjelpskurs
– Det hadde vore veldig bra om fleire kunne gå på kurs for å lære seg om førstehjelp, seier Lekveen.
KURS: Røde Kors vil at fleire skal gå på kurs i førstehjelp.
Foto: Idun Fivelstad / NRKHan fortel at det er fleire aktørar som held desse kursa og at det viktigaste no er at fleire får naudsynt kunnskap til å kunne hjelpe andre som kjem i ulukka. Lekveen seier at både foreldre, handballtrenarar og arbeidsgjevarar er døme på folk som kan legge til rette for å betre livreddande kunnskap i befolkninga.
– Eg håper at så mange som mogleg no tek tak for å lære seg førstehjelp, for det trengst, seier Lekveen innstendig.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: