Hopp til innhold

– Eg synest det er synd at politiet ikkje eingong prøver. Dette er berre toppen av isfjellet

Leiaren for Senterkvinnene i Oslo meiner det er heilt feil av politiet å ikkje etterforske den grove meldinga som Liv Signe Navarsete fekk. Dette er berre toppen av isfjellet for seksuell trakassering på nett, meiner ho.

Margaret Eide Hillestad og Liv Signe Navarsete

INGEN BAGATELL: – Det er veldig alvorleg når det råkar eit politisk parti, men også eit generelt samfunnsproblem at jenter og kvinner vert utsette for dette, seier Margaret Eide Hillestad, leiar for Senterkvinnene i Oslo. T.h. Liv Signe Navarsete.

Foto: Thomas Winje Øijord / NTB scanpix

Etter fleire dagar med arbeid, kom politiet med si avgjerd i dag. Dei vil ikkje forsøke å finne ut av kven som sende den grove meldinga til Navarsete i 2016.

– Eg synest det er synd at politiet ikkje eingong prøver. Dette er berre toppen av isfjellet, for seksuell trakassering via mobiltelefon og Facebook er eit stort samfunnsproblem, seier Margaret Eide Hillestad, leiar for Senterkvinnene i Oslo, til NRK.

Etter at Senterpartiet sjølv ikkje klarte å finne ut av kven som sende meldinga, valde dei å melde saka til politiet. Framleis har ingen av dei ti som deltok på hytteturen der tekstmeldinga vart sendt ifrå, meldt seg. No vil altså politiet ikkje ta saka vidare.

– Dette er ei sak som ligg ei god tid tilbake og den ligg nok i grenseland for kva som er straffbart etter straffelova. Vi synest ikkje det er rett og gå i gang med saka, seier politiinspektør Ronny Iden i Vest politidistrikt.

– Ei ekstra belastning for Navarsete

Stortingsrepresentant for Senterpartiet Kjersti Toppe meiner det at politiet ikkje vil sjå på saka, er uheldig for Navarsete.

– Det er sjølvsagt ekstra belastande for Navarsete at politiet legg saka bort utan å starte etterforsking. Ho hadde håpa på at saka skulle bli avslutta og at ho ville få ei orsaking, seier Toppe.

Toppe meiner det no ligg eit stort ansvar på sentralstyret i partiet for å ta saka vidare, men til NRK seier partileiar Trygve Slagsvold Vedum han er redd dei aldri finn ut av kven som sende meldinga.

– Denne saka må vi kome til botnen i, ikkje berre av omsyn til Navarsete, men også av omsyn til partiet.

Krev ei løysing på saka

Toppe får støtte frå Marit Aakre Tennø som sit i fylkesstyre til Senterpartiet i heimfylket til Navarsete. Ho meiner leiinga i partiet ikkje kan slå seg til ro med å ikkje finne avsendaren.

– Det er ikkje bra nok. Eg er opprørt over at meldinga vart sendt, og saka er heller ikkje bra for partiet. Løys saka, vi må kome vidare, seier Tennø.

Verken Tennø eller Toppe har ei løysing til leiinga.

– Eg kan ikkje vere konkret på det. Eg set min lit til at sentralstyret gjer ein grundig jobb og går gjennom saka på nytt.

Råkar partiet

Oslo-leiar for Senterkvinnene viser til at denne typen trakassering via nett eller mobil ikkje er bagatellar.

– Det er ingen bagatell. Det er noko ein ikkje har tatt alvorleg på grunn av manglande kunnskap og fordi det er av ny dato. Det var lettare før når ein måtte seie ting ansikt til ansikt, no kan ein skrive anonymt på nettsider.