Hopp til innhold

– Synd Astrup ikkje møtte Tolkien

Den britiske avisa The Guardian gir Nikolai Astrup-utstillinga i London fire av fem oppnåelege stjerner.

Astrup-utstilling i London

MOTIV FOR RINGENES HERRE? The Guardian meiner motiva til Astrup hadde passa godt til forteljingane til J.R.R. Tolkien.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I omtalen skriv journalisten Jonathan Jones i avisa at det er synd at Astrup aldri møtte J.R.R. Tolkien, forfattaren av Ringenes herre.

Astrup ville ha vore ein fin illustratør for Ringenes herre, skriv han. Han meiner at eitt av sjølvportretta av Jølster-kunstnaren minner om ein hobbit.

Også stor-avisa The Telegraph gir utstillinga fire av fem stjerner, og karateriserer utstillinga som «magisk på alle vis».

Onsdag vart utstillinga i Dulwich Picture Gallery opna for ei lukka gruppe, og blant dei var sjølvaste dronning Sonja.

– For Astrup er livet grønt

I omtalen i The Guardian blir det lagt vekt på at Astrup var ein «digger», ein landskapskunstnar som måla barndomsmotiva omatt og omatt, som den britiske kunstnaren John Constable. Motsatsen til desse er JMW Turner, som journalisten kallar ein «ranger», ein kunstnar som farta langt av garde for å finne motiva sine.

Jones kommenterer at Astrup er ein kunstnar som elskar grønfargen, og at snøen alltid er på avstand, som regel på fjelltoppane i bakgrunnen. Snøen er fienden, for Astrup er livet grønt, skriv han.

Over seg av begeistring

Tove Haugsbø

– KJEMPEVIKTIG: Tove Haugsbø håpar dette berre er starten.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Astrup-utstillinga i London kan vere starten på ny kunnskap og interesse rundt Jølster-kunstnaren. Det trur Tove Haugsbø frå Gaular, som har teke doktorgrad på Nikolai Astrup. Ho er over seg av begeistring over utstillinga i London.

– Det er kjempeviktig. Vi har fått fantastisk pressedekning i Storbritannia, og vi håpar at dette vil gje positive ringverknader for Astrup, at unge forskarspirer blir interesserte, og at det blir ein produksjon av ny kunnskap om Astrup, og at dette berre er starten på endå meir.