– Sylvi er ei lysande stjerne!

SKEI (NRK): Ei lysande stjerne! Ei heidersdame! Ei kvinne det står respekt! Sogn og Fjordane Framstegsparti hyllar integreringsministeren.

Ernst Veum foran fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Frp

HYLLEST: Fleire frå grasrota gjekk på talarstolen på fylkesårsmøtet for å hylle intergreringsminister Sylvi Listhaug. Her er veteran Ernst Veum frå Luster Frp.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Sylvi er ei lysande stjerne! Ho står rakrygga i debatten. Vi må sende ho ein stor takk.

Det sa leiar Ernst Veum i Luster Frp på talarstolen under fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Framstegsparti på Skei.

Sylvi Listhaug

LOVPRIST: Integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) blir hylla av sine partifellar i Sogn og Fjordane.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Eit samla fylkeslag strøymer over av lovord, beundring og respekt for integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp).

Ho har stått for ei hard linje i asyl- og integreringspolitikken i Noreg.

Ei fersk meiningsmåling synte at ho ikkje berre er populær hjå sine partifellar.

Blomar på vegen

Under den politiske debatten tok ei rekkje medlemmar av grasrota i partiet ordet for å hylle Listhaug.

Svein Hansen på Frp-talarstol

BEUNDRAR DEN DAMA: Partiveteran Svein Hansen i Selje Frp hyllar Sylvi Listhaug.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg vil at fylkeslaget skal sende Sylvi dei blomane ho treng på vegen vidare. Denne dama beundrar eg, sa partiveteran Svein Hansen frå Selje Frp.

Sentralstyremedlem og stortingsrepresentant Helge André Njåstad seier partiet sét pris på lovorda til ein av statsrådane.

Står i stormen

Helge André Njåstad på fylkesårsmøte

VELFORTENT: Sentralstyremedlem Helge André Njåstad i Frp synest rosen til Listhaug er på sin plass.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er veldig hyggeleg at Sylvi får skryt frå grasrota. Det er gjerne på sin plass med tanke på den stormen ho står i. Det varmar heilt sikkert.

Skapar de problem for dykk på Stortinget som skal samarbeide med KrF og Venstre at ho er så hard i asylpolitikken?

– Nei. Det er eit problem for oss at parti som har vore med på forlik snur 180 grader. Men det er ikkje Sylvi sitt ansvar at andre parti meiner ein ting i desember og noko anna i februar, seier Njåstad.

Surt samarbeid?

Fylkesleiar Lars Svein Drabløs fortel kvifor det var viktig for dei å gje si støtte til Listhaug:

– Ho står for den klare talen som har vore partiet sitt varemerke i alle år. Ho er roleg, beherska og tek debatten med eit smil. Før ho klinkar til med Frp sin politikk.

Ho blir skulda for å vere unødvendig hard i retorikken og for å ha forsura samarbeidet med KrF og Venstre. Kva seier du til det?

– Det er slik at for å få fram ein bodskap må du spisse uttalane dine litt. Det har ho gjort. Vi må ha ein berekraftig innvandringspolitikk. Og eg trur når partia får forhandla så vil dei bli einige til slutt.

Lars Svein Drabløs med Frp-logo

VAREMERKE: Klar tale om innvandring er eit varemerke for Frp, meiner fylkesleiar Lars Svein Drabløs i Sogn og Fjordane Frp.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Opphavleg låg det tre resolusjonsforslag om at alle asylmottak skal gjerast om til lukka mottak, at Norge bør ut av delar av Schengen-avtalen, og at asylsøkarar og kvoteflyktningar berre skal ha mellombels opphald. Desse tre vart trekt til fordel for den vedtekne støtta til Listhaug.

NRK anbefaler

"Vision of the fjords" seglar endeleg i rute på Nærøyfjorden.
Barn som lager mat. Naturbilder fra Hopland og Randabygd. Barn som forklarer hvordan arbeidet på kaféen er. Barn som serverer mat. Uteservering med utsikt.
Konkurransetilsynet nekta i dag Sogn og Fjordane fylkeskommune å selja selskapet til Torghatten, fordi det nye selskapet ville blitt for stort og fått for mykje makt.