Hopp til innhold

– Sviktar i arbeidet mot mobbing

Skulane sviktar i arbeidet mot mobbing, meiner Fylkesmannen. Altfor få skular har eit system der mobbesakene blir dokumenterte gjennom eigne vedtak og rektor blir kopla inn.

Illustrasjonsfoto: mobbing

FLEIRE KLAGAR: Fylkesmannen tok imot i fjor ni klagesaker som gjeld elevar som blir mobba på skulen, ein auke på sju frå året før.

Foto: colourbox.com / colourbox.com

Åslaug Krogsæter

KAN BLI SVÆRT ALVORLEG: Utdanningsdirektør hos fylkesmannen, Åslaug Krogsæter, seier lærarar eller andre vaksne aldri må bagatellisere det når elevar seier dei blir mobba.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Utdanningsdirektør hos fylkesmannen, Åslaug Krogsæter, meiner skulane må skjerpe seg.

– Eg tykkjer det er ille. Ungane er ubeskytta og det er vi vaksne som har ansvaret for å at ungane har ein trygg og god kvardag. Dei skal ha det godt på skulen, seier ho.

Er ikkje flinke nok til å dokumentere

Fylkesmannen tok i fjor imot ni klagesaker som gjeld elevar som blir mobba på skulen, ein auke på sju frå året før. Krogsæter ser ikkje auken som særleg dramatisk fordi langt fleire no har vorte merksame på at mobbesaker kan klagast inn til fylkesmannen.

Det Krogsæter derimot meiner er dramatisk, er at skulane og rektorane er altfor lite flinke til å dokumentere mobbesaker som blir klaga inn. Dermed er det uråd å vite korleis dei blir handterte, seier Krogsæter.

– Det er ille at vi ikkje klarer det. I løpet av 2014 skal vi føre tilsyn med dei kommunane vi ikkje har vore i for å vere sikre at alle har den informasjonen dei treng, seier ho.

Opprettar ein enkeltvedtak

Rektor ved Førde ungdomsskule, Kjell Skaaheim, fortel at alle mobbesaker på hans skule blir dokumenterte gjennom eigne vedtak, og at mobbing blir teke svært alvorleg. Han er skuffa over at mange andre skular ikkje har skikkelege system for slikt.

– Vi tek kontakt med eleven og trekkjer også inn foreldra. Reint formelt opprettar vi eit enkeltvedtak, det vil seie at vi skriv eit brev til foreldra der vi tek opp problematikken og vi skisserer ei løysing på saka ut frå våre synspunkt. Det blir samstundes gitt beskjed om at det er eit vedtak som kan påklagast til Fylkesmannen, seier rektoren.

– Sei ifrå om mobbing

15 år gamle Håvard Sandal Høyvik som er leiar av elevrådet ved Førde ungdomsskule, oppmodar medelevane til å seie frå til ein lærar dersom ein har mistanke om at nokon blir mobba.

– Ja, men eg trur det kan vere vanskeleg, for ein har jo ikkje lyst å sladre om det er nokre av kompisane som mobbar ein annan elev.

– Likevel må ein vel seie frå?

– Ja, ein må absolutt seie frå om ein ser at nokon blir mobba, seier han.

Må aldri bagatellisere mobbinga

Utdanningsdirektør Åslaug Krogsæter hos Fylkesmannen seier lærarar eller andre vaksne aldri må bagatellisere det når elevar seier dei blir mobba.

– Når eleven opplever at han ikkje har eit godt psykososialt miljø, er det eleven sin definisjon som gjeld. Det som ofte skjer, er at vi bagatelliserer det og meiner det ikkje er mobbing og at såpass må ein tole. Men her er det eleven som definisjonsmakta og då må dei vaksne sørgje for at eleven frå det bra.

– Kva følgjer kan mobbinga få for dei som blir utsett for det?

– Det kan bli svært alvorleg. Eg har sjølv opplevd godt vaksne som fortel om mobbing i oppveksten. Dei blir eigentleg aldri ferdige med det. Mobbing kan setje djupe spor og vere ein trussel for liv og helse for mange.

– Mobbing må stoppast så fort som mogleg og difor er det viktig å ha så gode skulemiljø at elevane tør å komme til dei vaksne så snart ein ikkje har det bra, seier ho.