NRK Meny
Normal

– Svekkjer ein tollvernet så er vi ferdige

Utspelet til Arild Aarvik vitnar om ein vilje til å ofre norsk landbruk til fordel for fiskerinæringa. Det meiner leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Anders Felde.

Anders Felde

RASAR MOT TOLLUTSPEL: Leiar i Sogn og Fjordane bondelag, har lite forståing for Arild Aarvik sitt synspunkt på tollvernet.

Foto: Bård Siem / NRK

Fiskebåtreiar og nyvald første nestleiar i Norges Fiskarlag, Arild Aarvik, vil lempe tollvernet til landbruket for å kunne eksportere meir fisk.

– Det er kunnskapslaust etter mi meining. Ein blir litt provosert over måten dei heile tida skal hogge på oss innanfor landbruk, seier fylkesleiar i bondelaget, Anders Felde.

Forundra over standpunktet

Tollen på matvarer eksisterer i dag som eit vern av landbruksnæringa slik at dei kan konkurrere med andre land. Men Aarvik opplever at tollvernet kan vere ein av fleire ting som hindrar fiskerinæringa å bygge opp ein sterk posisjon i dei rette marknadane.

– Vi må ha tilgang på godt betalande marknader som skal sørge for inntektene våre. Då er det klart at ein ikkje kan ha tunge tollbarrierer på viktige marknader, seier Aarvik som nyleg vart vald til første nestleiar i Norges Fiskarlag.

Felde opplever dette som ein vilje til å ofre landbruksnæringa, trass i at Aarvik også seier at dei må sjå nærare på kva som faktisk påverkar marknadsposisjonane til fiskerinæringa.

– Vi skal også bidra til at han får meir kunnskap om det, men at han i det heile teke har dette som standpunkt forundrar meg med den debatten vi har vore gjennom dei siste månadane i både media og politisk miljø, seier Felde.

– Greier å vekse med dagens vilkår

Sjølv meiner han det berre er tull at verdiskapinga innanfor fiskerinæringa vil auke ved å lempe på tollvernet. Bondelagsleiaren viser til ei aukande verdiskaping på fisk dei siste åra.

– Det viser seg at blå sektor greier å vekse med dagens vilkår. Likevel vil dei vekse meir, trass i at regjeringa har sagt at det ikkje stemmer at tollvernet påverkar dette. Det er også sagt frå EU side.

Felde seier Sogn og Fjordane bondelag har tru på at begge sektorane kan vekse i lag, og meiner ein ikkje bør tenkje sektor for sektor. Men blir tollvernet svekka, vil det vere lite att av norsk landbruk, seier han.

– Vi har allereie er enorme verdiar som skyl innover oss allereie, og svekker ein det tollvernet så er vi på mange måtar ferdige.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.