Tidlegare i dag vart det kjent at heile 40 prosent av sjukepleiestudentane som gjekk opp i anatomi ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i vår, strauk til eksamen.
Då dei som strauk fekk eit nytt forsøk, strauk meir enn seksti prosent av dei.
Pedagogikk mot pugging
Studentane i dag treng god gammaldags pugging, seier Måseide.
– Den såkalla reformpedagogikken som har vore rådande i landet, har som ei sanning at vi ikkje skal ha noko av pugging. Men ein del realfaglege ting som anatomi må puggast, slår Måseide fast.