Hopp til innhold

– Viktig å inkludere alle i lokalsamfunnet i sorga, også asylsøkjarane

– Den viktigaste faktoren for å kome seg vidare for den einskilde og lokalsamfunnet er å vere del av ein fellesskap, og få og gje sosial støtte, seier psykologspesialist Dag Øystein Nordanger.

Psykologspesialist Dag Øystein Nordanger seier alle må få ta del i sorgarbeidet iÅrdal.

Saman med prosten i Sogn og Soknepresten i Årdal har Nordanger diskutert korleis heile lokalmiljøet kan og bør takast i vare etter den tragiske hendinga, der ein asylsøkjar drap dei tre som var om bord på Valdresekspressen i går kveld.

– Ei slik hending kan verke splittande, og gjere at andre asylsøkjarar kjemmer seg meir utsette og stigmatiserte, seier Nordanger. Han er psykolog og psykologspesialist med doktorgrad på traumefeltet, og er forskar ved Regionalt kunnskapssenter for barn og unge.

Kan lett skape utryggleik

– Eg trur at for asylsøkjarar og andre med flyktningbakgrunn så vil ei slik hending bli opplevd som heilt forferdeleg. Dei vil reagere med skrekk og redsle. Og på same måte som med alle anndre, vil deira tankar få i retninga av dei etterlatne og pårørande. Ein vil tenkje på kor forferdeleg det er å sitt igjen når ein har mista sine næraste på ein så meiningslaus måte, seier han. Bussdrap i Årdal

Nordanger fortel at forsking og tidlegare erfaring syner at når det skjer dramatiske hendingar der gjerningspersonen har ein annan bakgrunn enn etnisk norsk, eller det er mistanke om det, som på Utøya, så kan det vekke frykt og utryggleik.

– Ein er redde for å bli identifisert med hendinga og redde for korleis ein blir oppfatta av omgjevandane.

Alle må få ta del i sorga

– No er det viktig at lokalsamfunnet inkluderer alle. Faren er at sjølv om det ikkje er noko uttala fiendtlegheit frå nokon, så vil ein del asylsøkjarar eller flyktningar føle på utryggheita og bli meir tilbakehaldne på arenaer der det er naturleg å samlast og snakke om ting. Det kan føre til polarisering, og det er ikkje bra.

For å unngå at lokalsamfunna blir splitta og grupper mistenkjer kvarandre, så er det viktig å raskt ta tak i dette.

– Forsking har synt at den viktigaste faktoren for å kome seg vidare både for lokalsamfunn og enkeltmennesket, er å vere del av ein fellesskap, få sosial støtte og gje sosial støtte. Det er viktig at flyktningar og asylsøkjarar får høve til å vere del av den prosessen, understrekar Nordanger.

– Det er kanskje behov for å strekkje ut ei hand, ta kontakt med gruppene og høyre korleis dei har det og kva dei tenkjer. Ein må signalisere at dei er velkomne. Det er ein gang slik at dei fleste menneske, uavhengig av hudfarge, vil tenkje likt om ei slik hending, utdjupar han.

Sjølv kjenner han ikkje Årdalssamfunnet så godt, men seier det er viktig at dei som har ansvar for oppfølging no set temaet på dagsorden.

– Ein må snakke høgt om det, og det er viktig at ein tydeleg signaliserer at dette er noko som råkar heile lokalsamfunnet, og at dei arenaene der ein kan kome saman, sørge og syne medkjensle, er opne for absolutt alle.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Flagget heng på halv stong og innbyggjarane i Årdal har tatt turen til Rådhuset for å ynskjer å vise si medkjensle og tenne lys. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valdresekspress-kapringen» i nytt vindu