Hopp til innhold

– Støtten frå publikum blir viktig

1000 sogn- og fjordingar er venta på bortetribunen på Brann Stadion i kveld. – Støtten dei gir blir viktig, seier Sogndal sin assistenttrenar med fortid i nettopp Brann.

Assistenttrenar for Sogndal, Tom Mangersnes

MØTER GAMLEKLUBBEN: Tom Mangersnes er tilbake på Brann stadion som assistenttrenar for bortelaget.

Foto: Arne Stubhaug

– Det er klart at det er viktig, og det er veldig inspirerande for oss at så mange har tatt turen for å støtte oss. Det gir oss ein ekstra boost at så mange viser at dei bryr seg, Tom Mangersnes til NRK.no eit par timar før avspark.

Bergensaren har sjølv vore tilsett i Brann. I kveld sit han på bortebenken som assistenttrenar for Sogndal – laget som kan sende Brann rett ned i førstedivisjon.

– Så håpar vi at vi kan gi supporterane valuta for turen og billettpengane, og ikkje minst den støtta vi reknar med dei kjem til å gi, seier Mangersnes.

(Artikkelen held fram under videoen)

Sogndal-supportarane sette sitt preg på Bergen søndag.

STOR STEMNING: Sogndal-supportarane sette sitt preg på Bybanen frå sentrum mot Brann Stadion-stoppet i Inndalsveien i ettermiddag.

Sarr tilbake etter karantene

Han spent om på om Sogndal-troppen klarer å få til det ein har øvd på gjennom veka etter heimetapet mot Molde sist helg.

– Eit par timar før kamp er det klart ein er litt spent på kampbiletet og om alt blir slik vi har sett det føre oss, men samstundes er vi ganske trygge. Vi har ei gruppe spelarar som kjem til å gå på bana for å gi alt for Sogndal. Det er vi trygge på.

Sjølve førsteellevaren blir ikkje offentleg før ein time før kampstart. Det som derimot er klart er at Mangersnes og hovudtrenar Jonas Olsson har så godt som same tropp som mot Molde tilgjengeleg mot Brann.

– I tillegg har vi Babacar Sarr tilbake frå karantene. Så det ser bra ut, meiner assistenttrenaren.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Sogndøler ladar opp på pub i Bergen

LADAR OPP: Sogndal-supportarane set sitt preg på bybiletet i Bergen søndag.

Foto: Rune Fossum / NRK

Tom buss - mykje merksemd

I forkant av kampen har Sogndal fått mykje merksemd i Bergens Tidende etter at laget sin buss, rikt dekorert med Sogndal-logoar, i laurdag kveld rota seg inn i bybanesporet på Danmarksplass.

– Det var ingen spelarar med i bussen, så vi vart litt overraska då vi vart gjort kjende med dette i går. Då var spelarar og trenarteam for lengst på plass på hotellet. Det var berre materialforvaltaren vår som skulle på Brann Stadion med utstyret, forklarer Mangersnes.

Sogndal einaste fokus

Han snakkar sjølv ein dialekt som for dei fleste ville lyse Brann-supporter. Det samme gjeld Sogndal-spelarar som Tim Nilsen og Petter Strand, men Mangersnes avviser at det gjer kveldens kamp ekstra spesiell.

– Eg er bergensar og har tidlegare jobba i Brann. Ein skulle kanskje tru at det der veldig spesielt, men for oss handlar det ikkje så mykje om Brann, det handlar om Sogndal. For oss handlar denne kampen om å gi oss høve til å få spele kvalifisering for neste års tippeliga. Det har vi denne helga til å sørge for at det framleis ligg i våre hender. Det er vårt fokus. Uansett om spelarane er fødde i Stryn, Hordaland eller andre stader i verda, så er dette vårt einaste fokus, lovar Sogndal sin assistenttrenar.