Hopp til innhold

– Å bli årets gründer har betydd mykje for oss

Å bli kåra til Årets Gründer har betydd mykje for IT-verksemda Highsoft i Vik. Dei har fått stor merksemd og ei intern stoltheit.

Highsoft AS i Vik

SUKSESSVERKSEMD I VIK: Highsoft AS veks og har nettopp flytta inn i nye lokale: (f.h.) Grethe Hjetland, Hilde Instefjord, Gert Vaartjes, Anne Jorunn Fjærestad, Torstein Hønsi, Øystein Moseng, Guro Myrkaskog, Jon Arild Nygård og Stephane Vanraes. Hilde Tindlund jobbar frå heimekontor i Fredrikstad og var ikkje til stades då biletet blei teke.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Grethe Hjetland

STOLT: Dagleg leiar Grethe Hjetland seier dei har fått til mykje det siste året.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det var under Temposeminaret i Florø for snart eitt år sidan at IT-bedrifta Highsoft fekk den gjeve utmerkinga og 100.000 kroner. Dagleg leiar Grethe Hjetland seier det var stort å vinne prisen.

– Det har betydd veldig mykje for oss. Vi har fått mykje merksemd vi ikkje ville fått utan. Folk i heile fylket har fått kjennskap til kva vi driv med. Det har blitt lettare å rekruttere og internt har det gitt oss stoltheit, fortel ho.

Snart klart for ny kåring

Det er snart klart for ny kåring av Årets Gründer i Sogn og Fjordane. Saman med Sparebankstiftinga og Sparebanken Sogn og Fjordane skal NRK Sogn og Fjordane dele ut «Årets gründerpris 2013» under Temposeminaret i Florø.

I fjor var det altså Highsoft som stakk av med prisen. Sidan kåringa har dei fått fleire tilsette og har flytta inn i nye og lyse lokale.

– Vi har også lansert ein ny versjon av hovudproduktet vårt. I tillegg har vi kome med alfaversjonen av eit nytt produkt. Betaversjon og lansering kjem etter kvart, seier Hjetland.

Highsoft lagar avanserte presentasjonsløysingar for IT-marknaden og leverer til heile verda. Hovudproduktet heiter Highcharts. Det er eit dataverktøy som IT-utviklarar kan bruka til ei nettside når dei skal presentera datainformasjon i eit diagram.

– På langtidsvarselet hos til dømes Storm har dei ei kurve som viser korleis vêret utviklar seg gjennom dagen. Der ligg Highcarts i botn.

– Eit eventyr

Det er vel tre år sidan gründer Torstein Hønsi lanserte Highcharts. Tida etter har mange omtalt som eit eventyr. I 2011 selde verksemda lisensar for 12 millionar kroner, i fjor var omsetnaden nesten dobla. Og den sterke veksten ser ut til å halda fram i år.

– Eg seier at hemmelegheita ligg i produktet vårt. Det er lett å laste ned og lett å ta i bruk. At det er enkelt er nøkkelen til suksessen.

– Vik er ein liten stad med 2000 innbyggjarar. Korleis klarer de å rekruttere folk?

– Det har vore veldig utfordrande. Det vi har hatt mest suksess med, er å leggje ut informasjon på heimesida vår som er godt besøkt av utviklarar. Det har ført til førespurnader får heile verda. No har vi fått tilsett to nye utviklarar.

Klarer lokke folk

For å få jobb i Highsoft, må ein vera villig til å sitja i Vik og arbeida. For eit viktig mål for Torstein Hønsi og Grethe Hjetland er å halda fram å veksa i sognebygda.

– Vi er ti tilsette i dag, og eg trur at vi er mange fleire om få år. Vi må klare å få folk til vedlikehalde produktet vårt og utvikle nye. Eg trur at det er dei verksemdene som klarer å endre seg fort, som framleis vil ha ei framtid. Der skal vi vere, seier ho.

Ung ingeniør valde Vik

Jon Arild Nygård

TRAINEE: Jon Arild Nygård har fått praksiskplass i Vik.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

22 år gamle Jon Arild Nygård er frå Bremanger, kunne ha fått jobb i ein større by, men valde Vik og IT-verksemda Highsoft. Den nyutdanna dataingeniøren er eit handfast resultat av at Torstein Hønsi og bedrifta hans blei kåra til Årets gründer i fjor.

– Eg oppdaga ein annonse i avisa der det stod at dei var kåra. Eg tok kontakt i forhold til å få praksisplass og no skal eg vere her til sommaren. Eg skal vere med å utvikle produkta deira og drifte datasystema.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arvid Andenæs, Aud Melås, Halvor Flatland og Pål Fidjestøl

DEI BESTEMMER: Juryen består av Arvid Andenæs, Aud Melås og Halvor Flatland. På biletet er også Pål Fidjestøl i sparebankstiftinga.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Har funne fem nye kandidatar

Årets gründer 2013 blir delt ut 1. november. Juryen består av Halvor Flatland frå Innovasjon Noreg, Aud Melås i Flåmsbrygga AS og Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane.

I dag har juryen vore samla for å plukke ut fem kandidatar mellom dei innkomne 35 søknadene.

Banksjef Arvid Andenæs seier det har vore ein vanskeleg jobb med mange gode kandidatar.

– Eg tykkjer det er ei god liste med kandidatar. Vi har brukt mykje tid på å gå gjennom den og har hatt fleire rundar. No sit vi att med fem som går vidare, innanfor forskjellige næringar, seier han.

I vekene framover vil dei fem kandidatane blei presenterte i radiosendingane og på nettsida til NRK Sogn og Fjordane.

Ein snømålar på Vikafjellet var utspringet til det som i dag er ei million-verksemd i Vik. I dag har verksemda Highsoft Solutions fleire av dei største selskapa i verda på kundelista si.

SJÅ TV-SAKA: It-gründer Torstein Hønsi har gjort stor suksess.