Hopp til innhold

– Større å spela for Florø enn mot Ronaldo

FLORØ (NRK): I fleire år har han bøtta inn mål i den færøyske toppdivisjonen. No skal Patrik Johannesen (22) prøva å fylle skoa til Endre Kupen i Florø.

Patrik Johannesen, Florø fotball

GOOGLE: Før han signerte for Florø måtte han på Google for å sjå kva for ein plass det var, for Patrik Johannesen viste verken kor Florø var eller kva kvalitetar fotballaget hadde. Han markerte seg for alvor i lagets sin siste treningskamp før sesongstart då han scora hattrick mot Hødd.

Foto: Fredrik Helland / NRK

– Eg har høyrd mykje om han, men han er ein annleis spiss enn meg. Eg er større og meir fysisk, medan han var liten og kjapp. Det tok litt tid før laget fann ut av det, seier Patrik Johannesen.

22-åringen er landslagsspelar for Færøyane og vart klar for Florø like før nyttår. Like før hadde klubben seld sin toppscorar gjennom tre sesongar, Endre Kupen, til Bodø/Glimt.

No har landslagsspissen tatt over rolla som midtspiss og Kupen si gamle drakt med nummer 9 på ryggen.

Florø er størst

Før overgangen til Florø spelte Johannesen for B36 Thorshavn heime på Færøyane. Der vart det 16 mål og sju målgjevande pasningar førre sesong. Det var faktisk berre ein spelar som scora fleire mål enn han i serien i fjor, men han har merka overgangen til norske fotball godt.

– Det går fortare her. Mykje fortare enn heime, seier Johannesen.

31. august i fjor fekk han for første gong ta på seg landslagsdrakta for heimlandet. Det enda med eit 5–1 tap mot Portugal der verdsstjerna Cristiano Ronaldo scora tre av måla.

– Det er større å vera Florø-spelar enn landslagsspelar, seier 22-åringen.

Framleis ukjend

Då Florø tok kontakt med han visste han ingenting om verken klubben eller byen. Google vart eit godt hjelpemiddel. Han har flytta inn saman med den danske keeperen Nicklas Frenderup, men merker at dei fleste ikkje veit kven han er.

– Når eg og Nicklas går på butikken helser alle på han og spør kven eg er. Dei veit ikkje kven eg er enno, men det håpar eg alle veit snart, seier han med eit smil.

Han har nett kome heim frå landslagssamling og familien har tatt turen frå Færøyane. Å vera nær på dei er noko han saknar.

– Eg ringer dei kvar dag. Pappa er fotballtrenar og har tidlegare spelt for landslaget. Det er god hjelp i å ringa han etter at eg har hatt ei dårleg trening eller kamp, seier Johannesen.

Patrik Johannesen, Florø fotball, med familien

PÅ BESØK: I påska har mora Heidi Djurhuus (t.v.), far Jon Johannesen og bror og Nikolei tatt turen for å besøka han i Florø.

Foto: Fredrik Helland / NRK

Vil ha eigen song

Terje Rognsø

ENDRING: Florø-trenar Terje Rognsø varslar endring i spelestilen i årets sesong. – I fjor hadde vi Endre Kupen og Rashad Muhammed som hadde enorm fart og kontringsstyrke. Utan den typen spelarar må vi legge om måten vi pressar på og korleis vi angrip, seier han.

Foto: Truls Kleiven

Med Johannesen på topp i staden for Kupen har Florø lagt om spelestilen.

– Han er ein heilt annan spelartype og derfor kjem vi til å spela annleis i år, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Måndag kveld er det klart for årets sesong og Johannesen gler seg til det.

– Eg er spent, men ikkje nervøs. Eg gler meg til å spela framfor Stimen og håpar å få min eigen song, seier Johannesen med eit smil.

Laster innhold, vennligst vent..