Normal

– Storbyane blir taparane i regionreforma

Når fylke skal slå seg saman er det mange partar som skal ha sitt. Bergenspolitikar Henning Warloe (H) fryktar at storbyane blir taparen.

Turisme i Norge

KAN TAPE: Henning Warloe fryktar at Bergen og andre storbyar kan bli taparen i regionreforma.

Foto: Marianne Løvland / NTB scanpix

– Dette er eigentleg ein regionreform der dei store byane har hamna heilt ute av fokus, seier Henning Warloe, som er bystyrerepresentant for Høgre i Bergen bystyre.

I desse dagar sit Sogn og Fjordane og Hordaland og forhandlar om kor mykje verdiar veslebror i nord skal få lov til å halde i særeige når dei to slår seg saman.

Warloe likar ikkje at Sogn og Fjordane får lov til å ha kraftverdiane sine for seg sjølv etter samanslåinga, for han meiner at storbyen Bergen har minst like mykje ressursar å tilby Sogn og Fjordane, som omvendt.

– Eg likar det ikkje. Eg skulle ønske politikarane i Sogn og Fjordane kunne vere meir rause, og tenke meir på korleis vi kunne få til meirverdiar av å slå oss saman. Eg håpar alle forstår at Bergen blir byen i det nye fylket, og utan ein storby, så er det veldig vanskeleg for ein region å lukkast, seier Warloe.

Henning Warloe

KRITISK: Henning Warloe i Høgre meiner storbyane får for lite fokus i regionreforma.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Den store må gje litt til den vesle.

Ordførar på Eid Alfred Bjørlo (V) er ein stor tilhengar av regionreforma, og ein av dei som har vore med å vedta samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane til det nye Vestland.

– Eg trur det er heilt avgjerande i ein slik prosess at den store og sterke aktøren ser den vesle. I dette tilfellet er det Hordaland, og eg trur at grunnen til at vi har fått til denne samanslåinga er at vi har sikra at dei verdiane som er bygd opp i vårt fylke over mange år no blir sikra i fylket også i framtida, seier Bjørlo.

Bent Aslak Brandtzæg ved Telemarksforsking har jobba mykje med kommunesamanslåing dei siste åra. Han seier at det er svært vanleg at denne typen diskusjonar oppstår når ein kraftrik part skal slå seg saman med ein storbyregion.

– Veldig ofte ender det opp med at det ikkje blir noko samanslåinga, fordi kommunen med store kraftinntekter heller vil vere åleine. Andre gonger finn dei løysingar der parten med kraftinntekter får halde delar av dei for seg sjølv. I samanslåinga av Trøndelag gav til dømes Nord-Trøndelag vekk sine aksjar i kraftverk til kommunar i sitt eige fylke, for å sikre den lokale eigarskapen, seier Brandtzæg.

Alfred Bjørlo ved Operahuset i Nordfjord

AVGJERANDE: Ordførar på Eid Alfred Bjørlo meiner det har vore heilt avgjerande at Sogn og Fjordane har fått lov til å halde visse verdiar for seg sjølv.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

2 + 2 = 5

Henning Warloe held på sitt, han skulle ønskje at politikarane i distrikta var meir opptekne av verdiane som ligg i ein storby.

– Når vi slår oss saman må jo vi tenkje at to pluss to skal bli fem, altså at vi skal skape noko meir med å gå saman. Bergen kjem til å bli motoren i det nye fylket, og ein skulle vore meir oppteken av det enn av å halde verdiane for seg sjølv, seier Warloe.

Vegopning på Bergum i Førde kommune