– Statsadvokaten sender eit signal om at det er greitt å senda slike meldingar

Andrea Voll Voldum har dei siste åra engasjert seg kraftig i rettane til kvinner utsette for seksuelle overgrep og trakassering. No går ho til angrep på statsadvokaten i Oslo.

Andrea Voldum

KRITISK: Andrea Voll Voldum har det siste året leia stiftinga «Vi tror deg» som jobbar mot seksuelle overgrep og trakassering. Ho vart først kjend i 2016 etter ei rettssak om det politiet meiner var ei gruppevaldtekt på Hemsedal, der tre menn vart frifunnen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er hårreisande at statsadvokaten seier at den trakasserande meldinga Liv Signe Navarsete fekk, ikkje har noko hjå politiet å gjera, seier Andrea Voll Voldum til NRK.

I går sa statsadvokaten i Oslo, Jørn Sigurd Maurud, at politiet har meir alvorlege saker dei bør bruke ressursar på. Og at dei ikkje bør prioritera behandling av den grove meldinga Navarsete fekk tilsendt i 2016.

Voldum vart kjend over natta i 2016, etter ei rettssak om det politiet meinte var ei gruppevaldtekt på Hemsedal. Tre menn vart frikjende i rettssaka.

Skuffa

Sidan ho stod fram med si historie i 2016 har Voldum starta stiftinga «Vi tror deg», som jobbar mot seksuelle overgrep og trakassering.

– Det er spesielt at statsadvokaten uttalar seg før saka har hamna hos politiet. Då sender han ut eit signal om at det er heilt greitt å sende slike meldingar til kvinner. Det er ikkje bra, seier Voldum.

Han peikar jo på at politiet har grovare saker å prioritere, har han ikkje eit poeng med det?

– Dette er seksuell trakassering på høgt nivå, og viss vi ikkje skal bruka tid på sånne ting vert det lettare og lettare å gjera større handlingar med seksuell bakgrunn mot folk. Eg synest at politiet skal ta denne saka seriøst og støtta opp om Liv Signe Navarsete.

Liv Signe Navarsete

SJUKMELD: Tidlegare partileiar i Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, er no sjukmeld på grunn av saka.

Foto: NRK

Det var under ein hyttetur i 2016 i Åre i Sverige at den grove meldinga vart sendt til Navarsete. På hytteturen var det totalt ti personar og åtte av dei hadde verv i Senterpartiet.

Så langt har ingen av dei som var på hytteturen tatt på seg skulda for å ha sendt meldinga. Torsdag morgon vart saka meldt til politiet i Lærdal, etter at deltakarane på hytteturen hadde fått frist til midnatt med å seie kven som stod bak meldinga.

I går kveld sa Navarsete på «Torp» at ho er sjukmeld på grunn av presset etter at saka om meldinga vart kjend i media for knappe to veker sidan.

– Ikke bare for min egen del, men for alle jenters del, sa Liv Signe Navarsete i Torp.

Bør ikkje prioriterast

Statsadvokat Jørn Sigurd Maurud

Statsadvokat i Oslo, Jørn Sigurd Maurud.

Foto: Nils Tore Hjørnevik / NRK

Statsadvokaten i Oslo sa i går at han meinte at politiet har meir alvorlege saker å handtera enn ei grov melding på Facebook. Han seier dette om kritikken frå Voldum:

– Eg trur eg tar sjansen på å unnlata ein dialog med denne stiftinga. Forhåpentlegvis vil dei fleste forstå at min kommentar dreier seg om noko anna enn om det er «greitt» å senda slike meldingar eller ikkje, seier Maurud til NRK onsdag kveld.

Avsenderen av den sjikanøse meldingen som Liv Signe Navarsete mottok i 2016, har ikke meldt seg. Nå blir saken politianmeldt.