– Start og Sarpsborg 08 rykkjer ned

Fotballekspert Karl-Petter Løken trur laga som allereie ligg under nedrykksstreken i eliteserien, er dei som rykkjer ned i år.

Karl-Petter Løken

STATUS QUO: Tidlegare landslagsspelar og no ekspertkommentator, Karl-Petter Løken, trur ikkje på store endringar i botnen av eliteserietabellen.

Foto: Richardsen, Tor / SCANPIX

Tre lag har så langt peika seg ut som dumpekandidatar i årets eliteserie.

Med to tredjedelar av sesongen ferdigspelt, er det Start og Sarpsborg 08 som ligg under streken, med Sogndal like over. Løken trur kampen for å unngå nedrykk vil stå mellom desse tre.

– Eg trur situasjonen blir uforandra i høve til tabellen no, seier fotballekspert, og tidlegare Stabæk og Rosenborg-spelar, Karl-Petter Løken.

– Prestasjon

Både i Sogndal og Sarpsborg har klubbane vore budd på ein kamp om å overleve i divisjonen. Start leia serien etter fire serierundar, men har som Sarpsborg 08 berre makta eitt poeng på dei siste åtte kampane.

  • KVEN TRUR DU RYKKJER NED? SEI DI MEINING NEDST I SAKA.

Sogndal på seie side har kapra ni poeng på like mange kampar.

Sogndal - Start

PRESTASJON: Start-trenar Mons Ivar Mjelde budd på tøff haustsesong.

Foto: Oddleif Løset/NRK

Etter søndagens tap i Sogndal, vedgjekk trenar Mons Ivar Mjelde at kampen for å overleve i eliteserien blir svært hard. Avstanden frå tabelljumboen frå Sørlandet til Sogndal på trygg grunn er no seks poeng.

– Du må vere god om du skal klare det, og eg skal gjere alt eg kan for at vi skal prestere og plukke nok poeng. Men det skal vere ein god prestasjon om vi klarer det no, sa han.

Status quo

Den meininga deler også Løken. På oppdrag frå NRK har den tidlegare landslagsspelaren vurdert botnlaga sine resterande kampar.

Avstanden frå Sogndal til Viking, Fredrikstad, Odd og Aalesund, er ikkje verre enn at også desse laga kan blande seg inn i nedrykksstriden med ein svak haustsesong.

Løken trur likevel ikkje at rekkefølgja på botnlaga vil endre fram mot serieavslutninga 27. november.

– Alle laga vil nok ta poeng mot slutten. Det plar klubbar som ligg veldig utsett til å gjere, men Start trur eg ikkje har sjanse. Dei har seks poeng opp til Sogndal, og eg trur ikkje at dei klarer å hente det inn. For Sogndal vil også ta poeng. Sarpsborg vil nærme seg, men likevel ikkje ta nok poeng til å passere Sogndal, meiner han.

Grense på 30 poeng

Både Sogndal og Sarpsborg 08 har 11 kampar att, medan Start har 30 poeng att å kjempe om på sine ti kampar. Med 2-0 over Start på Fosshaugane, fekk Sogndal ei luke på fire poeng til Sarpsborg 08 under streken.

Både luka og forma til Sogndal talar i Harald Aabrekk & co sin favør. Løken trur grensa mellom framleis eliteseriespel og nedrykk til 1. divisjon er 30 poeng.

Han trur også at Sarpsborg og Sogndal må kjempe heilt inn for å unngå snarleg retur til nest øvste nivå i norsk fotball.

– Sarpsborg har ein liten fordel i høve til Sogndal, sidan dei har ein heimekamp meir enn Sogndal. Samstundes har Sogndal fire poeng å gå på. Eg trur Sogndal tek nok poeng, då spesielt i heimekampane, til å hamne over Sarpsborg når serien er ferdigspelt, meiner Løken.

Avgjerande heimeform

– Det kjem ein nøkkelkamp allereie til helga når Sarpsborg 08 skal til Kristiansand. Det kan gjere litt utslag for mine tips, men eg trur det blir uavgjort. Taper Start, så er dei ute for godt, meiner Løken.

Den tidlegare Rosenborg-spelaren meiner heimeforma i haust vil vere avgjerande. Laga er dei svakaste bortelaga i divisjonen.

– Ingen av laga er veldig sterke på bortebane, og der vil dei også slite i resten av sesongen. Difor må dei mobilisere på heimebane. Det er der dei har størst sjanse til å ta poenga for å overleve, seier han.

– Ikkje overraska

Løken er ikkje overraska over at det er nett desse tre laga som har utpeika seg i botnstriden.

– Eg hadde venta både Sogndal og Sarpsborg 08 der. Dei er nyopprykka, og det er heller ikkje uvanleg at nyopprykka lag slit på nedre del, seier han.

– At Star er der, er heller ikkje overraskande, sjølv om det er overraskande at dei er så pass klart sist. Dei har vore ustabile tidlegare år, det har vore turbulent på trenarsida og dei er tappa for litt spelarar, held han fram.

– Dei byrja ok, men så har det gått veldig i mot Start. Når ein slit på alle frontar, så får du også marginane mot deg på bana. Det har Start hatt i enkeltkampar. Når det er sagt, så har Start vore jamt over for dårleg, avsluttar han.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.