– Start med leiinga
– Dei nye innsparingstiltaka må ta til med at Helse Førde kuttar i byråkrati og administrasjon, før ein rører ein einaste sjukepleiar lege eller sekretær. Det seier føretakstillitsvald, Hans Jacob Westby til Firda. Bakgrunnen er at Helseføretaket ligg 45 millionar kroner på etterskot, og føretaket har varsla at stillingar skal bort, og at vaktopplegg og turnusar vert endå strammare.