Hopp til innhold

– Stadig flytting tek motet frå unge asylsøkjarar

Mindreårige asylsøkjarar vert flytta gong på gong fordi mottaka dei bur på vert lagde ned. Ho er verje for tre ungdommar og ser kva det gjer med dei.

Nedlegging av asylmottak fører til at mindreårige asylsøkarar blir flytta frå mottak til mottak.

– DEI GIR OPP: Aud Kari Isane representerer tre mindreårige asylsøkjarar. Foto: Anders Mildestveit. Redigering: Arne Stubhaug.

I førre veke kom beskjeden om at 20 asylmottak, eitt av dei i Hyllestad, forsvinn.

Aud Kari Isane, som er representant for tre asylsøkjarar, tykkjer det er forferdeleg at unge menneske vert behandla slik.

– Eg reagerer på at vi driv og flyttar desse ungdommane rundt på den måten vi gjer. Ein av dei eg er verje for kom i november 2015. Det er litt over eitt år sidan, og no blir han flytta til sitt niande mottak. Ein annan eg representerer skal til sitt åttande mottak.

– Kva synest du om det?

– Det er heilt forferdeleg. Viss dette hadde vore norske barn hadde vi aldri gjort det slik. Dette er barn som har med seg grufulle historier, dei er sårbare, dei ventar på å få søknadene sine handsama, og så blir dei flytta rundt frå plass til plass.

– Sluttar å ta kontakt med folk

Aud Kari Isene seier konsekvensen av all flyttinga er at dei mindreårige asylsøkjarane blir motlause.

– Dei gir opp, og dei orkar ikkje engasjere seg. Dei sluttar å ta kontakt med folk i dei lokalsamfunna dei kjem til. Dei synest ikkje det er nokon vits i det, fordi dei reknar med at dei berre blir flytta igjen.

Ho meiner litt av problemet er at asylsøkjarane ikkje blir sett på som einskildindivid, men som ei stor gruppe som blir flytta rundt.

– Men dette er einskildmenneske som har same rettane som våre norske barn har. Dei burde få ein garanti for at så lenge dei er i eit mottak så får dei bli verande på det mottaket.

Sissel Mehammer

– VANSKELEG Å UNNGÅ: Sissel Mehammer i UDI region vest.

Foto: Alrik Velsvik

– Ikkje heldig

Assisterande regiondirektør i Utlendingsdirektoratet, UDI region vest, Sissel Mehammer, beklagar situasjonen. Men ho seier det er vanskeleg å unngå flytting, når mottaksapparatet skal byggast ned.

– Vi ser at det ikkje er heldig at folk blir flytta frå mottak til mottak, men vi har i oppdrag å syte for at mottakskapasiteten heile tida er tilpassa det behovet som vi har. Då må det bli ei nedbygging av tal mottaksplassar. Vi prøver å gjere det så skånsamt som vi kan.

Mehammer seier at dei så langt råd er prøver å flytte mindreårige asylsøkjarar til mottak i det fylket dei alt er.

– Då kan dei få behalde den representanten dei har og noko av nærmiljøet. Og vi har flinke folk i mottaka som og gjer sitt til at prosessen blir mest mogeleg skånsam. Men vi har stor forståing for at det ikkje er ein ønskjeleg situasjon å bli flytta så mykje.