Hopp til innhold

– Spydig, illojal, historielaus og kunnskapslaus

Skjellsorda haglar mellom Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) og stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) frå Hornindal.

Alfred Bjørlo og Bjørn Lødemel

Alfred Bjørlo og Bjørn Lødemel kjem med harde skuldingar mot kvarandre. Medan Bjørlo skuldar Lødemel for å vere illojal, skuldar Lødemel Bjørlo for å vere useriøs og spydig.

Foto: NRK

Det er Lødemel sitt hint om at kommunar nord i Sogn og Fjordane må tenkje over kva region dei vil høyre til som har fått Eid-ordførar Alfred Bjørlo til å sjå raudt. Til avisa Fjordingen i Stryn fortel Lødemel at med dei vedtak vi har fått i dei fire vestlandsfylka dei siste dagane, ser ting annleis ut enn då fylka var i forhandlingar og lagde intensjonsavtalar.

– Då er tida inne for å tenkje neste steg, seier Lødemel til avisa. Han presiserer også at det ligg inne ein merknad frå ein samla kommunalkomite på Stortinget om at kommunar i grenseområde nord i Sogn og Fjordane skal få kome med innspel om kvar fylkesgrensene bør gå.

Bjørn Lødemel vil ta med seg Nordfjord-kommunar i dragsuget over til Møre og Romsdal.

Alfred Bjørlo

Bjørlo meiner Lødemel går langt i å torpedere sitt eige heimfylke.

–Dette er typisk splitt og hersk-strategi. Det er klart Bjørn Lødemel er livredd for at han har gjort ein kjempetabbe etter at han forlét Sogn og Fjordane med sin eigen kommune Hornindal. No vil han dra meg seg andre kommunar i dragsuget over til Møre og Romsdal, seier Bjørlo.

Reagerer sterkt

Bjørn Lødemel reagerer sterkt på utspelet frå Bjørlo.

– Det Bjørlo kjem med er fullstendig useriøst, kunnskapslaust og historielaust. Eg har prøvd å analysere situasjonane etter at fylkestinga på Vestlandet har sagt sitt. Etter mitt syn ser det ut til at Møre og Romsdal blir ståande åleine og at Sogn og Fjordane bli slått saman med Hordaland. I ein slik situasjon må kommunar som Stryn finne ut kor dei høyrer til, seier Lødemel.

Alfred Bjørlo sine spydigheiter gjer mindre og mindre inntrykk.

Bjørn Lødemel

Bjørlo meiner Lødemel prøvar å splitte Sogn og Fjordane.

– Han prøvar å bryte opp den samla styrken fylket har hatt. Vi ser her Bjørn Lødemel sin siste krampetrekningar som rikspolitikar, seier Eid-ordføraren.

Vi ser Bjørn Lødemel sine siste krampetrekningar som rikspolitikar.

Alfred Bjørlo

Lødemel slår tilbake.

– Bjørlo sine spydigheiter gjer mindre og mindre inntrykk. Eg greier ikkje å ta han seriøst.

Alfred Bjørlo er useriøs og kunnskapslaus.

Bjørn Lødemel

.