Hopp til innhold

– Språkkunnskapen står til stryk

Noregs Mållag meiner Kulturdepartementet må ordne opp i språkrutinane sine etter å ha trykt denne annonsen. Departementet seier teksten aldri skulle ha stått på trykk.

Annonse i Aftenposten 15.10.17

FORSØK PÅ NYNORSK: I denne annonsen freistar Kulturdepartementet å skrive på nynorsk. Noregs Mållag meiner ein burde forvente betre språk frå departementet og at dei no må ordne opp.

Foto: NRK

– I ein så kort og viktig tekst, som attpåtil er forfatta av Kulturdepartementet, burde ein forvente meir. Slik eg ser det står dette språket til strykkarakter, seier den tidlegare norsklæraren, Magne Aasbrenn, som no er leiar i Noregs Mållag.

Magne Aasbrenn, leder for Noregs Mållag

KORREKS: Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, meiner Kulturdepartementet bør skjerpe språkrutinane sine.

Foto: Noregs Mållag

Aasbrenn siktar til ein annonse som stod på trykk i dagens utgåve av Aftenposten, der Kulturdepartementet søkjer etter ein jurist. Annonseteksten er skriven på nynorsk, eller i alle fall noko som liknar på nynorsk. Annonsen byrjar slik:

«Vi søykjer en jurist som har lyst til å vere med å utforme morgondagens politikk på pengespelfeltet og som kan arbeide på andre av departementets saksområdar ...»

– Her er det fleire grove feil. Ord som søykjer og områdar høyrer ikkje heime på nynorsk, seier Aasbrenn.

Bør få betre rutinar

Annonsen er mellom anna delt på Facebooksida Språkspalta, der mange kommenterer språket. Somme trur annonsen er ein spøk. Magne Aasbrenn meiner departementet burde vite betre.

– Eg vil at nynorsken skal leve og freistar å vere venleg med folk som vil skrive nynorsk. Men her er det snakk om eit statleg departement. Dei bør vite kva dei driv med. Og då synest eg dette er svært dårleg, seier Aasbrenn.

Han meiner det hadde vore ei smal sak for departementet å rette på språket.

– Det finst fleire gode ordbøker på nett. Når eg ser denne rettskrivinga lurer eg på kva slags rutinar dei har for å sjekke kvaliteten på språket sitt i Kulturdepartementet. Dette må departementet ordne opp i, seier Aasbrenn.

Her kan du lese annonseteksten:

Annonse i Aftenposten 15.10.17

SPRÅKKLUSS: Denne annonsen stod på trykk i Aftenposten 15.10.2017

Foto: NRK

Skulle aldri ha stått på trykk

Kulturdepartementet er ikkje stolte over denne annonsen. Assisterande departementsråd, Henning Henriksen, skriv følgjande i ein e-post til NRK:

Henning Henriksen

BEKLAGAR: Assisterande departementsråd, Henning Henriksen seier Kulturrådet vil kvalitetssikre språket sitt betre i framtida.

Foto: Kulturdepartementet

Denne annonsen skulle aldri ha stått på trykk. Det er spesielt ille for Kulturdepartementet, som har ansvar for å følgje Målloven, at vi har trykt ein utlysingstekst med så mange språklege feil. Vi har ikkje kvalitetssikra godt nok. Det vil vi sjølvsagt gjere i framtida for å sikre at det ikkje vert gjort slike feil igjen.

Magne Aasbren i Mållaget synest orsakinga er på sin plass og meiner Kulturdepartementet bør skjerpe seg.

– Det er veldig fint at dei vil auke nynorskdelen i Kulturdepartementet. Når det gjeld denne annonsen så ser det ut til at jobben er gjort av ein person åleine. No må dei få inn betre rutinar slik at språket, både på nynorsk og bokmål, held ein verdig standard, seier Aasbrenn.