Hopp til innhold

– Spikaren i kista for Kinn

Frp-politikar Frank Willy Djuvik i Flora meiner Vågsøy Høgre har sett ein effektiv stoppar for samanslåinga av Vågsøy og Flora til Kinn kommune.

Frank Willy Djuvik

– EIT NEI TIL KINN: Frank Willy Djuvik (Frp) meiner det ikkje blir noko av Kinn kommune om Vågsøy kommunestyre utset å ta stilling til samanslåing.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

For Vågsøy Høgre vil utsette saka om storkommunen «Kinn kommune» til hausten i kommunestyremøtet torsdag.

Dette er i realiteten å seie nei til Kinn kommune, seier Djuvik.

– Dette veit Vågsøy Høgre veldig godt. Det var ganske tydelege signal vi fekk då vi møtte Sanner og leiaren i Kommunalkomiteen i forrige veke. Dei kunne ikkje stresse nok kor viktig det var å få ei avgjerd i vår.

Avtalen er ikkje god nok, skriv Vågsøy Høgre i ei pressemelding. Dermed vil partiet kome med framlegg om å utsetje endeleg vedtak om intensjonsavtalen mellom Vågsøy og Flora.

– Vi som politikarar skal ta avgjerder på vegner av innbyggarane i kommunen, og avtalen slik den er no er ikkje god nok til å gi brei støtte verken politisk eller hjå innbyggarane, skriv lokallaget.

Høgregruppa i Vågsøy

HØGRE: Kommunestyregruppa i Vågsøy Høgre i rådslag i førre veke. Den gongen var fleire av gruppemedlemmane bortreist.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Høgre vil ikkje avslutte forhandlingane med Flora, men jobbe vidare med målsetjinga om å få på plass ei avtale innan 1. januar 2018.

Draumen om ein sterk kystkommune har vekt stor debatt, og prosessen har gått raskt. No blir saka sett på vent, lenge.

Har åtvara mot utsetjing

Lokallaget ynskjer også at Bremanger skal vere med, og vil ha ei tydelegare opning i avtalen. Ein vil gjerne også ha ei opning for Selje/Eid.

Ordførar Kristin Maurstad (Ap) har klart åtvara mot ei utsetjing. Også kommunalminister Jan Tore Sanner skal ha åtvara mot utsetjing i eit møte der også Vågsøy Høgre hadde folk til stades. Bakteppet er at ein kan gå glipp av venta «gulrøter». Ei utsetjing til nyttår inneber at ein kjem for seint til å vere med når Stortinget skal vedta kommunereforma før sommarferien.

Morten Hagen

VIKTIG AVGJERD: Gruppeleiar Morten Hagen (H)

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Både eit ja og eit nei fører med seg mange uavklarte følgjer. Det er skissert at toget går no, men vi har tiltru til at både regjeringa og Stortinget vil premiere ei kommunesamanslåing, uavhengig av om det vert formelt avgjort no eller seinare, skriv lokallaget.

Uavklarte følgjer

Nei-partia i Vågsøy har signalisert at dei vil støtte eit utsetjingsframlegg. Førre veke var saka i kommunestyret. Det avslørte at det var ti ja-røyster og ni nei-røyster før dei åtte frå Høgre hadde sagt si meining.

Måløy

MÅLØY: Kommunesenteret i Vågsøy kan i framtida bli ein av to byar i Kinn kommune.

Foto: Stig Silden

Ap og Venstre støttar samanslåing, medan Frp var delt. Sp, KrF, Raudt og Bryggjalista går mot Kinn kommune.

Ei innbyggarundersøking i Vågsøy denne månaden synte at 55 prosent er i mot å slå saman Flora og Vågsøy medan 34 prosent er i mot. I Flora støttar eit stort fleirtal ei ny kystkommune. Bremanger ynskjer ikkje å vere med.

Laster innhold, vennligst vent..

Vil halde fram samarbeidet

Vågsøy Høgre understrekar at samarbeidet med Flora har vore svært godt, og har stor tru på at det vil halde fram.

– Vågsøy Høgre ynskjer å mobilisere ei sterkare kystsatsing og er positive til kommunereforma. For å få realisert potensialet i havrommet må vi stå samla og snakke med ei røyst innover i fylket og til styresmaktene. Med Stad skipstunnel og kystveg vil kysten i Sogn og Fjordane knytast tettare saman til å bli kanskje Norges mest spennande utviklingsregion, avsluttar lokallagsleiar Stian Hjelle og gruppeleiar Morten Hagen pressemeldinga.