NRK Meny
Normal

No smiler Sogndal-spelarane att

Etter ein hard start på sesongen med fem tap og ein siger, losna det for Sogndal mot Start søndag kveld. – Vi har mangla vilje, vedgår matchvinnar Gustav Valsvik.

Etter ein hard start på sesongen - med fem tap og ein siger - løsna det for Sogndal fotball. No er spelegleda tilbake og dei satsar på at det berre vil gå ein veg - nemleg oppover.

SJÅ TV-REPORTASJE: Smilet var tilbake då Sogndal-spelarane måndag hadde restitusjonstrening.

Gustav Valsviks såre bein

HARDE TAK: – Det er dette som er Sogndal. Ein skal krige, seier Gustav Valsvik med bein som per preg av Start-kampen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Vi har kanskje litt av det i sesongstarten og dei siste kampane. Det er det Sogndal står for. Kriging og kjemping, seier vikjen som stanga inn 2-1-målet mot Mons Ivar Mjelde sine menn.

– Ei fantastisk kjensle

NRK.no møter Sogndal-troppen i treningsrommet i eit av tribunebygget på Fosshaugane Campus. Her har stemninga tidvis vore alt anna enn festleg dei siste vekene. I dag, dagen etter sigeren mot Start, sit smila laust rundt om på dei mange ergometersyklane.

I store deler av kampen mot Start, dominerte sogndølane, men det var først i sluttminutta at kampen vart avgjort.

– Det var ei herleg kjensle få tre poeng på slutten. Vi låg under 0–1. Å snu det, det var fantastisk! Tabellen og moralen er det som er viktig, fastslår Sogndal sin nummer 17.

Gustav Valsvik

AVGJORDE: Gustav Valsvik scora 2-1-målet mot Start. No trur han klubben vil ta fleire sigrar på heimebane.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Han ser tilbake på eit oppgjer det Sogndal omsider makta å prege kampbiletet og vere det førande laget i store deler av dei 90 minuttane.

– Tre poeng på heimebane er alltid bra. Det er det same kven som scorar, men det var sjølvsagt ekstra kjekt at eg gjorde det sjølv, vedgår Valsvik.

Frå tidenes oppkøyring til skademareritt

Etter ei god sesongoppkøyring med siger etter siger i vinterens treningskampar, hadde mange av dei som kallar seg fotballekspertar stor tru på årets Sogndals lag. Sjølv sportsredaksjonen i VG tippa i år Sogndal på sikker plass i eliteserien.

Etter dei sju første kampane var tabellen likevel dyster lesnad for Valsvik og lagkameratane. Ein siger, ein uavgjort og fem tapte kampar var fasiten før Starta entra kunstgraset på Fosshaugane søndag kveld.

Mykje av årsaka ligg i skadesituasjonen i spelarstallen, trur trenar Jonas Olsson. Med erfarne spelarar som Hannu Patronen og Azar Karadas ute med skade, har han måtte eksperimentere med ulike innbytarar.

Jonas Olsson

GLER SEG TIL 16. MAI: Trenar Jonas Olsson stør seg på brukar bortestatistikk mot Aalesund før fredagens eliteserierunde.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Vi har ikkje hatt den stabiliteten som vi ville. No har vi funne tilbake til det vi hadde på forsesongen, seier svensken til NRK.no.

– Eg tykkjer vi har stått på i alle kampane, men det er små marginar i fotball. Dessverre fekk vi mange skader på forsvarsspelarane like før sesongstart. Vi har hatt mange spelarar ute og det har gjort at vi har måtte rotere på både spelestil og forsvarsrekkja.

– Du skal blø og krige

Etter sigeren mot start ser Olsson no lyst på resten av vårsesongen.

– Kan vi prestere dette i kampane som kjem, så har vi store moglegheiter til å ta poeng, trur Olsson.

Først ut ventar Aalesund på bortebane førstkommande fredag. Sunnmøringane ligg no bak Sogndal på tabellen.

– Det ein alt-å-vinne-match. Vi gler oss verkeleg til å reise til Ålesund. Det er alltid kjekt å spele på 16. mai. Vi har bite bra frå oss i Ålesund, så alt er mogleg, i seier Olsson.

Azar Karadas

TILBAKE: Azar Karadas er ein av mange i Sogndal si forsvarsrekke som har vore ute med skade. No er også eidaren på veg tilbake.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Gustav Valsvik, som framleis har såre kne etter møtet med Start lovar på si side at han og lagkameratane vil blø for drakta.

– Det er ein del av det å vere i Sogndal. Du skal blø, og det skal krigast, eklærerer forsvarsspelaren som fyller 21 år seinare denne månaden.

Han trur laget no er i siget.

– Vi satsar på å ta fleire trepoengarar heime, og kanskje få eit par bortepoeng. Får vi litt form no i mai, så ser det bra ut. Då kan vi kanskje byrje å klatre litt på tabellen.

Etter åtte serierundar ligg Sogndal på den sikre 13. plassen med sju poeng.

Ps. Måndag ettermiddag vart det klart at Sogndal sin ghanesiske angripar, Mahatma Otoo, ikkje er med i Ghana sin VM-tropp. Sogndal var førebudd på å måtte klare seg utan måltjuven når meisterskapen går av stabelen i Brasil i juni. No ser det derimot ut til at Otoo blir verande i Norge og norsk tippeliga heile sesongen.