– Sp gjer opprør mot tida vi lever i

– Staten kan ikkje sitje roleg i båten og håpe at ting går over og at alt vil vere som før, seier gruppeleiar for Høgre i Jølster, Anders Kristian Sægrov.

Anders Kristian Sægrov

I ENDRING: Gruppeleiar i Jølster Høgre, Anders Kristian Sægrov, meiner staten må endre strukturar og tilbod for å ha nok pengar til å handtere utfordringane som kjem i framtid.

Foto: Bård Siem / NRK

Han er medlem av kommunestyret, formannskapet og fellesnemnda for nye Sunnfjord kommune.

Han har lita tru på dei som no manar til distriktsopprør mot regjeringa.

– Det blir som å gjere opprør mot den tida vi lever i, og skal inn i. Heile samfunnet har vorte endra etter at fasttelefon og faks var det nye. Det er 15-20 år sidan mobiltelefon, e-post, internett og andre hjelpemiddel kom. Vi veit at om 15 år står vi midt oppe i eldrebølga, oljeforbruket og dermed inntektene skal ned. Vi veit ingenting om forholda og stabiliteten i verda rundt oss, seier Sægrov.

– Null innhald

Utspelet kjem etter at Venstre-ordførar Alfred Bjørlo og Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) fredag skulda regjeringa for å tappe distrikta for statlege arbeidsplassar. Ifølgje Bjørlo har talet på statlege arbeidsplassar i dei fire største byane auka med 2400.

I kjølvatnet av deira oppgjer kom Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum og partifelle og varaordførar i Vågsøy, Nils Myklebust, raskt på bana med oppmodinga om eit distriktsopprør. Han viser til at regjeringa ikkje kjem med dei arbeidsplassane dei lova kommunar som slo seg saman.

Nils Myklebust

VIL HA OPPRØR: Varaordførar i Vågsøy, Nils Myklebust (Sp):

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Dei lovnadane som er gitt i hytt og pine har null innhald. Det som er realitetane er at distrikta vert tappa for arbeidsplassar, seier Nils Myklebust (Sp), varaordførar i Vågsøy.

– Kommunane må gjere seg meir attraktive

Sægrov meiner at Senterpartiet ikkje framstår særleg konstruktive i arbeidet med å utvikle samfunnet.

– Skal staten i framtida i det heile ha råd til å oppretthalde infrastruktur, helsevesen og basistenester i distrikta, som er frykteleg dyrt, skal vi vere glade for at landet er leia av ei regjering som ser behovet for å omstille seg til ei meir knipen framtid. Vi må tole å gje avkall på gamle strukturar og arbeidsmåtar, om ting kan løysast på nye og betre måtar, seier Sægrov.

– Men samstundes er det eit faktum at statlege arbeidsplassar vert flytta frå distrikta og inn til dei større byane. Er ikkje dette eit problem?

– Eg tenkjer at dette er noko som svingar heile tida. Vi må gjere oss attraktive for å få nye arbeidsplassar i framtida. Det er vi sjølve og ingen andre som kan gjere den jobben.

– Må krumme nakken

– Kva er bodskapen din til til dømes Flora kommune som seier dei har mista 50 statlege arbeidsplassar siste åra?

– Dei må krumme nakken, følgje utviklinga og gjere seg attraktive for å få nye, statlege arbeidsplassar. Dei har dei då også gjort i samband med kommunereforma der dei har hatt ei framoverlent haldning. Det får dei heilt sikkert betalt for seinare i form av nye, statlege arbeidsplassar, seier Sægrov.