Hopp til innhold

– Sp fører folk bak lyset

Senterpartiet nektar å godta vedtaket i Helse Førde om å legge ned fødeavdelingane i Eid og Lærdal. – Dei fører folk bak lyset i sjukehussaka, meiner Harry Mowatt.

Harry Mowatt

FLENGJANDE KRITIKK: Harry Mowatt (Ap) hudflettar Erling Sande (Sp)

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Erling Sande

FÅR KRITIKK: Erling Sande lovar vidare kamp om fødetilbodet i fylket.

Foto: NRK
Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus

BLIR AVVIKLA: Fødeavdelinga på Nordfjord sjukehus og den forsterka fødestova i Lærdal er vedtekne avvikla.

Foto: NRK

Helse Førde-styremedlem og Arbeidarparti-politikar Harry Mowatt går i strupen på regjeringskollega Senterpartiet i samband med framtida for fødeavdelingane i fylket.

Sp lovar kamp

Helse Førde-styret går inn for nedlegging av fødetilbodet i Eid og Lærdal både ut frå økonomiske og faglege omsyn, men stortingsrepresentant Erling Sande frå Senterpartiet har stilt seg som garantist for fødetilbodet.

– Eg har inga tru på at fødetilbodet i Nordfjord og indre Sogn blir fagleg betre av at fødetilboda der blir lagde ned. Kampen er ikkje over, sa Sande til NRK i helga.

– Eit forferdeleg dobbeltspel

Mowatt reagerer kraftig på utsegnene frå Sande.

– Senterpartiet driv eit forferdeleg dobbeltspel der dei bidreg til å vedlikehalde sjukehusstriden i Sogn og Fjordane, og i tillegg fører dei eigentleg sine eigne tilhengjarar bak lyset. Dei gir inntrykk av at viss dei får viljen sin, så vil alt bli ordna slik at vi kan drive slik som no, seier Mowatt til NRK.

Økonomiske og faglege årsaker

I samband med høyringsrunden for den nasjonale fødselomsorga, går Helse Førde inn for å leggje ned fødetilboda både Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus. Vedtaket er grunngjevne både ut frå faglege og økonomiske omsyn. Men dette nektar Senterpartiet å godta.

Ifølgje stortingsrepresentant Erling Sande vil han og partifellene gjere det dei kan for at Helse Førde sitt vetak blir overprøvd.

– Vi kjem til å jobbe for å oppretthalde fødetilbodet i Eid og Lærdal. Rett og slett fordi det er viktige delar av lokalsjukehusa, seier Erling Sande.

– Sande er breiskuldra på Anda...

Men stortingsrepresentanten frå Bremanger lovar mykje i heimfylket, og har gjort lite for Helse Førde på Stortinget, meiner Mowatt.

– Erling Sande er veldig breiskuldra når han går av flyet på Anda, men han gjer ingenting når han er i Oslo. Det er realiteten, seier Ap-politikaren.

– Ikkje fare for det faglege

Sande meiner på si side at det ikkje fist faglege grunnar til å leggje ned fødetilboda.

– Eg registrerer at Helse Førde no seier at det ikkje er økonomiske, men faglege grunnar til at ein skal leggje ned. Eg meiner bestemt at ein kan oppretthalde gode fødetilbod rundt om i landet utan at det går på det faglege laust, seier Sande.

Sp har vore med på føringane

Senterpartiet har seg sjølv å takke, meiner Mowatt.

– Dei har stemt for budsjetta som gjer at vi har den økonomien vi har, dei har og stemt for å ta inn dei faglege krava til spesialisthelsetenesta, seier han og legg til:

- Då synest eg dei skal vere såpass reinhårige at dei er villige til å ta konsekvensen av det dei plassane det kan medføre politisk belastning.