Hopp til innhold

Matias (3 mnd) telta med politikarmamma Vigdis

– Det er litt galskap, men Matias er ein roleg kar, så eg var sikker på at det skulle gå bra, seier politikarmamma og SV-topp i Eid, Vigdis Heimdal Reksnes.

Matias og mamma Vigdis på overnatting i telt
Foto: Privat

Vesle Matias på 3 månadar er med mamma Vigdis Heimdal Reksnes på smått og stort i valkampen ettersom ho toppar SV-lista i Eid. I går feira Matias tre månadar – i naturen.

– Vi har sove veldig godt. Han søv like godt som far sin, humrar Heimdal Reksnes til NRK.no søndag morgon.

Send bilete av din dag i naturen! Merk bilete #nrksf

Utfordra politikarar til ei natt ute

Heimdal Reksnes er ein av 700 politikarar rundt i landet som har takka ja til å sove ei natt i naturen laurdag 5. september for å markere Friluftslivets veke. I Sogn og Fjordane har fleire politikarar sove ute. Mange av dei har tatt oppmodinga frå NRK om å sende inn bilete av seg sjølv – enkelte meir ivrige enn andre.

Frukost i friskluft

FRUKOST I DET FRI: Gjengen i Flora Ap har sove godt og kunne i morgontimane nyte frukosten i det fri.

Foto: Privat

I Kjølsdalen i Eid hadde 4H invitert politikarane til Navestøylen der ein god gjeng samla seg.

Valprat vart lagt vekk

Utover kvelden vart det ein fin stemning rundt bålet fortel Heimdal Reksnes.

– Vi hadde ein fin bålprat med ein gjeng. Vi la vekk alt valpratet, så det var litt godt.

Den politisk aktive 3-barnsmora har byrja jobben med å pakke saman, og skal heim til resten av familien som ikkje fekk vere med på tur.

– Pappaen passar dei to andre ungane på 5 1/2 år og snart 3. Dei kunne ikkje blitt med, det hadde blitt så seint i seng.