NRK Meny
Normal

– Som å delta i VM kvar dag

Hydro-verksemdene i Sogn hadde eit samla resultat før skatt og renter på 42 millionar kroner i første kvartal. Det er vesentleg lågare enn resultatet på same tid i fjor.

Wenche Eldegard

VM I METALLPRODUKSJON: Fabrikksjef Wenche Eldegard ved Høyanger verk seier dei heile tida må forbetre seg for å henge med i konkurransen.

Foto: Johan Moen / NRK

Hydro Årdal hadde 20 millionar i pluss, medan Hydro Høyanger hadde eit resultat på 22 millionar kroner før renter og skatt i første kvartal. Lågare prisar på aluminium gjer at overskotet er mindre enn i same perioden i fjor, seier fabrikksjef Wenche Eldegard.

– Å produsere aluminium er som å delta i ein verdsmeisterskap kvar einaste dag. Konkurransen blir stadig tøffare, og difor må vi stadig forbetre oss. Men dette er ikkje nytt for oss. Det er berre å halde fram med det målretta arbeidet vi har drive med i mange år.

Resultatet i første kvartal 2015 var 50 millionar kroner for Hydro i Høyanger, i Årdal var det 176 millionar i pluss for eitt år sidan. Med andre ord var det samla overskotet 184 millionar kroner dårlegare enn i fjor.

Tapte på straumbrotet

Egil Fredriksen

TAPTE PÅ STRAUMBROT: Fabrikksjef Egil Fredriksen konstaterer at straumbrotet i januar gav milliontap.

Foto: Tony Hall / Hydro

For Årdal sin del påverkar straumbrotet i januar resultatet i negativ retning, seier fabrikksjef Egil Fredriksen.

– Det har nok kosta oss nokre millionar, utan at eg kan seie nøyaktig kor mykje. Men først og fremst er det den låge metallprisen som har stabilisert seg, som gjer at resultatet er så mykje svakare enn i fjor.

Han har håp om at dei får dekt iallfall ein del av tapet på straumbrotet på forsikringa.

For eitt år sidan var elektrolysen pengemaskina til Hydro Årdal. No ligg den på rundt eit nullresultat, seier fabrikksjefen.

– Det er støyperiet og karbonfabrikken som gjer at vi har tent 20 millionar kroner. Karbonbabrikken på Årdalstangen set nye produksjonsrekordar kvar månad, og der går det så det susar.

Fredriksen har ikkje tru på snarleg auke i metallprisane. Dei kinesiske aluminiumprodusentane pøsar store mengder metall ut på marknaden, og det held prisane på eit lågt nivå.

Årdal Carbon-tilsett

GIR PLUSSRESULTAT: Karbonfabrikken til Hydro på Årdalstangen set stadig nye produksjonsrekordar.

Foto: Hydro Aluminium

– Dårleg stilt utan bilsatsing

Hydro-verksemdene i Høyanger og Årdal har dei siste åra investert mykje i avansert støypeteknologi med sikte på å levere metall til bilindustrien. Utan denne satsinga ville det ha sett mykje mørkare ut, seier Fredriksen.

– Då hadde vi vore dårleg stilt, så den strategien med å skape verdiar i støyperiet var heilt rett.

Fabrikksjef Wenche Eldegard har si siste arbeidsveke i Høyanger. Neste veke er ho på plass i Årdal som fabrikksjef der. Ho er nøgd med at ho kan overlate verket i Høyanger i god stand, trass i låge metallprisar.

– Drifta går veldig bra, vi er i rute med innføring av ny støypeteknologi. Det vi kan påverke har vi god kontroll på. Vi har eit godt engasjement, folk er kreative og brukar kompetansen sin. Det er spennande og noko nytt heile tida.

No og med vindkraft

Snart brukar Hydro også vindkraft i metallproduksjonen sin. I vinter skreiv konsernet kontrakt med selskapa som står bak den planlagde vindkraftparken på Fosen i Trøndelag. Selskapet meiner å vere det første i verda som brukar fornybar vindkraft til å produsere aluminium.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.