– Som å bu i ein godtebutikk, men ikkje få smake

Slik omtalar administrerande direktør Christian Dreyer i Eiendom Norge fylkesmannen sitt krav om at hytteeigarar på Fimreite i Sogndal ikkje får gå ned på stranda i badesesongen.

Christian Dreyer

MEKLARSJEF: Christian Dreyer i Eiendom Norge trur det vil verte vanskeleg å setje salsverdi på hyttene når vert stilt spesielle krav.

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

– Det er ei veldig forenkla samanlikning, men skildrar korleis det kan opplevast å bu så nærme vatnet, men samstundes ikkje nytte det fullt ut. Men kjenner eg Sogn og Fjordane rett er det nok fleire gode kvalitetar ved dette området, utdjupar Meyer.

Sjølv kallar han kravet spesielt, og han seier han aldri har høyrt om liknande før.

Meiningsytringa til leiaren av bransjeorganisasjonen til norske meklarar kjem etter at det i går vart kjent at fylkesmannen i Vestland har sagt ja til at det vert bygt 15 nye hytter på Fimreite – på det spesielle vilkåret.

Fylkesmannen er redd for at hyttene vil øydeleggje eit naturreservat. Det same er fleire av dei 40 fastbuande i bygda.

Grunneigar: – Berre ein sykkeltur frå stranda

Det er derimot ikkje ein av dei tre grunneigarane som står bak planane om hyttefeltet. Per Magne Fimreite er klar på at bademoglegheitene på Fimreite er langt fleire enn berre stranda ved naturreservatet.

– For det første så er det ikkje noko krav å ha fellesområde til hyttetomter. Dessutan så har me i dette tilfelle eit godt alternativ på Gjerlog, som berre ligg ein liten sykkeltur vekke frå feltet. Så dette meiner me er løyst på ein ryddig og tilfredsstillande måte.

Han rosar kommunen for måten saka har blitt handsama på og at dei har teke omsyn til innspela som har kome undervegs.

– Me opplever at det har vore ein ryddig og god prosess, både i dialog med Sogndal kommune og fylkesmannen. Her har me følgt boka til punkt og prikke.

Fimreite Fuglereservat

UTGANGSPUNKTET: Til høgre i biletet ser ein tomtene der det no kan kome til saman 15 hytter. Til venstre ligg holmane og stranda der det store delar av sommaren vil vere ferdselsforbod.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Ordføraren: – Hyttefelt med fleire kvalitetar

Ordførar i Sogndal kommune, Jarle Aarvoll, er ein av fleirtalet på 21 røyster som stemte for å vedta detaljreguleringsplanen i kommunestyret. Han er sikker på at hyttefeltet sine kvalitetar strekk seg utover den nærliggande strandsona

– Det er eit utruleg flott område som strekk seg i både inn- og utover fjorden. Her har ein gode moglegheiter til rekreasjon og andre opplevingar i friluftssamanheng. Vi må forstå at det er ønskjeleg å regulere det til fritidsbustader.

– Har teke omsyn til fuglelivet

Aarvoll er klar på at omsynet til det nærliggande fuglereservatet har vege tungt, og at saka er grundig behandla.

– Det er lagt føringar for dette i reguleringsplanen og vi har også valt å redusere talet på hytter. Dette er ei sak som går nærare 15 år attende i tid. Reguleringsplanen for dette området har vore handsama i forvaltningsutvalet tre gonger, og no endeleg i kommunestyret.

Han har likevel forståing for at meiningane er delte.

– Vi må ha respekt for at det er ulike syn i saka. Gjennom høyringsrundane har det kome mange innspel. Eg meiner me som politikarar har vore godt opplyste då me gjorde vedtaket.