Hopp til innhold

Landets tettaste forsvar smuldrar opp

Sogndal-ekspert Jon Navarsete er uroa over at landets tettaste forsvar er i ferd med å smuldre opp.

Sogndal-forsvaret smuldrar opp

REISER: Mats Solheim og Isak Scheel er allereie klare for nye klubbar. Even Hovland vil mest truleg også finne seg ny arbeidsgjevar til neste sesong.

Foto: Fotomontasje

I dag vart det klart at Isak Scheel reiser til Lillestrøm etter sesongslutt . I tillegg reiser Mats Solheim til svenske Kalmar , medan Even Hovland etter alle solemerke blir å finne i ein annan europeisk klubb neste sesong.

Heller ikkje Barry Kader blir å finne i neste års sogndaltropp.

– Når tre av fem spelarar i forsvarsrekkja forsvinn, så byrjar det å bli dramatisk. Men slik er det i fotballen. Det er pengane som rår, seier Navarsete.

Håpar på Gjermundstad

Brann - Sogndal 2-0, Vegard Gjermundstad

UVISS: Vegard Gjermundstad kan vere på veg vekk.

Foto: Rune Fossum

Fleire kan vere på veg vegg. I haust har det vore interesse kring u23-landslagsspelar Per Egil Flo, medan Vegar Gjermundstad har gått i tenkjeboksen. Gjermundstad har under trenar Harald Aabrekk fått lite speletid.

I tillegg har til desse har Sogndal forsvarsspelarar i Eivind Daniel Røed, Thomas Eriksen Ness, Espen Næss Lund og nykommaren Taijo Teniste.

– Eg tykkjer Gjermundstad er ein undervurdert spelar, som blir viktig i dette. Han er trass alt ein av dei med mest erfaring frå eliteserien, seier han.

– Ei murblokk

– Dei må nok ut på spelarmarknaden, men det er vanskeleg. Dei må finne rette typen som passar inn. Det har dei klart med Tonny Brockmann Christensen og Teniste, held Navarsete fram.

Med 29 baklengsmål, er det ingen lag i landets øvste divisjon som har sleppt inn færre baklengsmål enn Sogndal. Dette mykje takka vere forsvarsrekkja på fem spelarar.

– Forsvaret har vore som ei murblokk. Per Egil, Isak og Even utgjer truleg det beste midtforsvaret i eliteserien, meiner Navarsete og konstaterer at Sogndal må ut for å styrke forsvaret.

Må byggje nytt

Jon Navarsete

MÅ HANDLE: Jon Navarsete meiner Sogndal må ut på spelarmarknaden for å styrke forsvarsrekkja til neste sesong.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Ein klarer alltids å erstatte enkeltspelarar, men når det blir så mange så er det grunn til å bli uroa. Det er ingen krise, men ein må byggje nytt og spele saman eit nytt forsvar. Ei slik omstilling tek tid og kanskje noko ein kunne gjort i 1. divisjon. Men ikkje i eliteserien, meiner Navarsete.

Navarsete er overraska over at 21-årige Scheel valde eliteseriespel på Åråsen framfor Fosshaugane til neste år.

Overraska over Scheel

Han trur Sogndal sin restriktive lønspolitikk kan vere ei av årsakene til at den tidlegare Stabæk-spelaren vender attende til Austlandet.

Den same politikken er også medverkande når nye spelarar skal hentast inn.

– Eg trudde faktisk han ville bli nokre år til. Han er viktig for miljøet, ein utruleg fin kar, seriøs treningsviljug og ein som fort blir berebjelken i eit lag. Det er frykteleg synd at han reiser, meiner Navarsete.