Hopp til innhold

– Sogndal bør sjå på moglegheita for å henta tilbake Oddbjørn Skartun

Om to veker opnar overgangsvindauget. – Sogndal bør leita etter ein spiss og ein driblefant, meiner sogndalekspert Jon Navarsete.

Jon Navarsete og Sogndal

SPISS OG KANTSPELAR: Sogndal bør henta ein spiss og driblefant, meiner Jon Navarsete. Her feirar laget skåringa til Rune Bolseth mot Hønefoss i kampen på laurdag.

Foto: Arne Stubhaug/Arve Uglum / NRK

Overgangsvindauget opnar den 15. juli. Sogndal har overraska stort denne sesongen og ligg på 6. plass med 20 poeng etter 14 kampar. Sjansen er stor for at det blir utskiftingar i troppen i løpet av sommaren, blant anna i angrepsrekkja.

Det er Ulrik Flo og Azar Karadas som har vore det faste spissparet i det siste, med Ricardo Santos og Stian Dyngeland på benken. Men sogndalekspert Jon Navarsete meiner Sogndal må sjå nedover sørvestlandet og henta heim ein av sine eigne.

– Hent Skartun!

Jon Navarsete

SOGNDALEKSPERT: Jon Navarsete.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Det er merkeleg om dei ikkje er i kontakt med Oddbjørn Skartun. Han skårar i adeccoligaen og han har vist at han har eliteserienivået inne, seier Navarsete.

Sogndølen Oddbjørn Skartun (24) spelar i dag for Bryne på det nest høgste nivået. Den tidlegare sogndalsspelaren har sidan han reiste frå klubben før 2009-sesongen spelt for Vard Haugesund i andre divisjon og FK Haugesund i eliteserien, før han reiste til sin noverande klubb før årets sesong. Der har han so langt skåra åtte mål og er klubbens toppskårar.

– Han vil vera naturleg å henta. Skartun og Sogndal, berre namna i seg sjølv seier at dette kan bli veldig bra, seier Navarsete.

Oddbjørn Skartun i aksjon under Lillestrøm-Bryne i fjerde runde i Fotball-NM for menn

BRYNESPELAR: Oddbjørn Skartun (i midten) i aksjon under Lillestrøm – Bryne i fjerde runde i fotball-NM.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Skartun er avventande

– Det er jo sjølvsagt kjekt at han (Navarsete) meiner det, seier Skartun.

Men han svarar slik som spelarar under kontrakt som oftast svarar på spørsmålet om dei ønskjer å spela for ein annan klubb.

– Eg har ein kontrakt med Bryne og forheld meg til det. Eg tenkjer ikkje på noko anna no, og må konsentrera meg om å gjera det so godt som mogleg for dei no, seier han.

Sogndølen har kontrakt med Bryne ut neste sesong.

–Dersom Sogndal kjem med eit tilbod som Bryne takkar ja til, kva må til for at du reiser til Sogndal?

– Då er det dei faktorane som er over alt, altså speletid, tillit og slike ting, seier han.

– Går fint sjølv om Mane reiser

Malick Mane

REISER? Malick Mane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Sjansen er stor for at Malick Mane er ferdig i Sogndal allereie denne sommaren, eit halvt år før kontrakten hans går ut. Han har vore i kontakt med den tyrkiske klubben Konyaspor, samt fleire andre utanlandske klubbar.

– Dersom eg får kontrakt, so reiser eg no, sa Mane etter kampen mot Hønefoss laurdag.

Håvard Flo, sportsleg leiar i Sogndal fotball, ville verken bekrefta eller avkrefta at klubben har vore i kontakt med Konyaspor.

Dermed kan Sogndal mista driblar nummer éin denne sesongen. Mane har utmerkte seg med lekre frispark og gode raid med ballen, og er Sogndal sin toppskårar med fem mål i eliteserien.

– Mane er jo eit fyrverkeri, og ein treng ein erstattar for han. Det blir ikkje lett å finna, men samstundes so har det vist seg at det aldri har vore nokon problem at ein god spelar reiser frå Sogndal. Då hentar dei ein ny som fyller tomrommet, eller so tek ein av deira eigne steget opp, seier Navarsete.