Kongen var i strålande humør då han avslutta turen med ein pressekonferanse tysdag kveld. Då hadde han opplevd vestlandsveret på sitt aller våtaste.
-No har spelet vart i halvannan time. Kanskje skal vi halde på like lenge her, spøkte Kongen med pressefolka, som let han sleppe unna lenge før.
Kongen sa møtet med folket og naturen i Sogn hadde vore tre flotte dagar for han og Dronning Sonja. Dronninga hadde sett mange fine nye fjell under den tre dagar lange turen, og sa ho kom tilbake for å gå på fjellturar.
Sonja fekk spørsmål om det hadde vore ein anstrengande tur. Ho svarte at det hjelpte godt å ha huset på ryggen, og sikta til at kongeskipet hadde følgt paret langs fjorden.
Ho fekk også spørsmål om turen kanskje hadde inspirert til ytterlegare ei bok frå Vestlandet. Tysdagen vart nemleg boka hennar om turterrenget her, og spesielt i Møre og Romsdal, lansert. Ho lovte ikkje noko ny bok, men ville heller ikkje utelukke det.