– Når me får storfylket Vestland må Sogn og Fjordane Teater hive namnet så fort dei kan. Det er gammaldags å ha eit namn som avgrensar nokon til ein region, seier Hans Jakob Reite, som er kulturkommentator og tidlegare tilsett ved teateret.
Når Hordaland og Sogn og Fjordane 1. januar 2020 blir Vestland fylke, er det fleire institusjonar som må tenkje gjennom kva dei skal heite.
I Bergen bytte Hordaland Teater namn til Det Vestnorske Teateret.
Reite er klar på at teateret i Sogn og Fjordane må gi slipp på sitt gamle fylkesnamn.
– Me må vere med å bygge dei nye identitetane i Vestland og ikkje bli nokon stribukkar som sit og held på Sogn og Fjordane i ein kvar samanheng. Same kva me tenkjer om fylkessamanslåinga, så er det ein realitet om veldig få månader, seier Reite.
Ber teateret tenkje seg om
Langt frå alle er einige i at eit namnebyte må til. Blant dei er programskapar og forfattar Linda Eide.
– Eg tykkjer det er rart om teatera føler at dei må hoppe etter politikarane, for det vil eksistere identitetar knytt til dagens fylke i lang tid framover. Dersom namnet blir like lite geografisk konkret som Vestland fylke, mister ein litt av identiteten, seier Linda Eide.
Eide meiner at det ikkje er noko i vegen for at Sogn og Fjordane Teater står ved dagens namn.
– Ein bør først og fremst sikte mot eit namn som sikrar identitet. Det er viktig at det ikkje blir heilt kjønnslaust og vanskeleg for folk å plassere.
OPPTEKEN AV IDENTITETEN: Linda Eide er oppteken av språket og er mellom anna kjend frå Eides språksjov på NRK TV.
Foto: Sindre Skrede / NRKI namnediskusjon
Teatersjef i Sogn og Fjordane Teater, Bodil Kvamme, seier dei ikkje let seg påverke av Hordaland Teater si avgjerd, men at ei mogleg namneendring er til vurdering.
– Sogn og Fjordane Teater er eit sterkt namn, men ettersom me frå neste år ønskjer å turnere i heile Vestland vil det kanskje bli rart å behalde det. Me har spurt aktørar, som arrangørar, kultursjefar og kunstnarar, rundt i heile fylke om innspel. Til sjuande og sist er det våre eigarar som avgjer eit eventuelt namnebyte.
Det er likevel med blanda kjensler at dei no vurderer namnebyte.
– Eg skulle gjerne ønskje at Sogn og Fjordane eksisterte under same namn og fylke. Samtidig står me ovanfor ei spennande utfordring når me som teater no håpar å få utvide turneringsområdet vårt.
TENKJER NYTT: Teatersjef i Sogn og Fjordane Teater, Bodil Kvamme, seier dei er opne for forslag i den pågåande prosessen om eit eventuelt namnebyte.
Foto: Ragnhild Myklemyr / NRKVil heidre bauta
Når Hans Jakob Reite meiner teateret må hive sitt gamle namn, så har han ein klar kandidat klar.
– Mitt forslag er å døype det Anne Gullestad Teater, etter den første teatersjefen for Sogn og Fjordane Teater. Gullestad var også mora til teaterbåten Innvik og Kinnaspelet, eit av dei mest tradisjonsrike utespela i Noreg. Dette namnet gir henne honnør, slik som Skien gjer med Ibsen Teater, seier Reite.